Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Bildet viser en gutt og en jente i naturen sammen med noen sauer.

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velje naturbruk?

Skreddersy utdanningsløpet! Velg anleggsgartnar eller friluftsliv, eller mellom dyrefaglinjene dyrehelse, hundefag og hestefag. Tre dager i veka er aktiv og praktisk og du får øve deg i små parti med tett oppfølging. Stend har smådyravdeling, hundeavdeling, stall og ridehall, parkanlegg, friluftsutstyr, buss og nærleik til skog, fjell og sjø. Bli ein del av eit engasjert fagteam, del interessa di med klassevener og få eit yrke og minner for livet!

Kva kan du bli?

Med fagbrev kan du bli verdsett i fleire yrke:

  • Assistent på dyreklinikk
  • Medarbeidar i dyrebutikk
  • Førar av tenestehundar eller instruktør på hundeskule
  • Dyrepassar i dyrepark
  • Fagarbeidar i forskning på dyr
  • Turleiar og kajakkinstruktør
  • Fagarbeidar i travnæring, rideverksemder og hesteturisme
  • Anleggsgartnar

 

Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Opplæringa er praktisk retta og skulen tilpasser dette i dialog med aktuelle elevar. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning.

Med studiekompetanse kan du komme inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vere opne for deg. Kompetanse innan naturbruk blir verdsett i stadig fleire yrke:

  • Ved oppstart av eiga verksemd
  • Dyrepleiar og veterinær
  • Biolog og zoolog
  • Rådgjevar i kommune og fylkeskommune
  • Inspektør i Mattilsynet
  • Forvaltning og forsking
  • Undervisning og rettleiing

 

Fag- og årstimetal på naturbruk

 

Yrkesretting og utplassering

På naturbruk legg vi vekt på at opplæringa skal vere relevant for eleven, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet.

Etter Vg2 kan du ta fagbrev eller studiekompetanse. Vi legg vekt på at opplæringa skal vere relevant for deg, både no og med tanke på kva du vil møte i yrkeslivet. Vi yrkesrettar opplæringa ved å ha mykje praksis i våre flotte læringsarenaer og med å dra på utferder og besøk. Du får arbeide tett på dyr, natur, menneske og verkelegheita.

Vi har god kontakt med ulike bransjar for samarbeid og besøk og elevane har gode moglegheiter for utplassering i bedrifter.

 

Utplassering

Gjennom utplassering blir du kjend med ulike yrke og arbeidsplassar. Du får nyttige erfaringar, samtidig som du knyter kontakt for framtidig arbeid eller læreplass. Vi brukar det store kontaktnettet vårt for å finne den rette bedrifta til deg. Gjennom utplassering blir du kjent med ulike yrke og arbeidsplassar. 

Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til  reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar! Les meir under avsnittet om internasjonalisering.

 

Internasjonalisering

Naturbrukselevar har fleire moglegheiter for eit opphald i utlandet! Stend tilbyr utplassering, Vg2 i utlandet og internasjonale prosjekt med utveksling og reiser.

Internasjonalt miljø

Stend har fleire internasjonale samarbeid og prosjekt og det er stadig besøk frå skular og spanande miljø frå utlandet. Elevene kan engasjere seg i prosjekta og få reise på utveksling til ein skule i eit anna europeisk land.

Utplassering

Utplassering i utlandet er aktuelt medan du går Vg2 på Stend! Stend har utplasseringsbedrifter og skular i England, Sverige og Danmark som med glede tek imot elevane våre. Vi er òg med i eit stort nettverk gjennom Europea, med samarbeidspartnarar i 26 land. Nokre gonger finn vi heilt nye utplasseringsstader saman med elevane våre.

Kostnadane for deg som elev er minimale fordi du kan søke våre Erasmus+ stipend innan EU eller få støtte frå skulen til reise og opphald. Dette gir alle sjanse til å få masse ny kunnskap og nye opplevingar!

 

Vg2 i England

Stend har eit formelt samarbeid med ein stor naturbruksskule i York i England. På Askham Bryan College kan du gå VG2 friluftsliv, hestefag, dyrehelse, dyrefag for selskapsdyr og zoodyr og endå fleire fag. Du bur på skulen medan du studerer. Undervisninga skjer for det meste på engelsk, men nokre av faga går på norsk. Året er godkjent av Lånekassa i Norge og inngår som Vg2 i utdanningsprogram for naturbruk. Kontakt karriererådgjevar dersom du er interessert i å vite meir!

Les ein tidlegare artikkel om utplassering på fantastiske Raystede i Sør-England.

 

 

Naturbruk på Stend

 
Bildet viser en jente og en sau i fjøset.

 

Vg1 Naturbruk - miljø og berekraft

Liker du praktisk arbeid? Er du glad i å vere ute? Liker du å vere med dyr, og har lyst til å lære meir om dei? Har du lyst til å lære å køyre traktor, fiske i sjøen, dyrke grønsaker, bruke motorsag, dra på overnattingstur med telt, bruke hest i skogen, lære om samanheng  i naturen og kva som er viktig for å ta vare på kloden vår for framtida?

Da er vg1 naturbruk - miljø og berekraft noe for deg! I løpet av dette året vil du lære om alt dette med utgangspunkt i gardsbruket på skulen vår og i området rundt. Året etter kan du velje eit av dei meir spesialiserte utdanningstilboda på VG2, Landbruk og gartnarnæring, Friluftsliv, Dyrehelse, Hundefag eller Anleggsgartnar.

 

Bildet av en lærer og elev som holder og ser på en degus

 

Vg1 Dyrefag

Vil du arbeide med dyr? Som dyrefaglært kan du bli dyreklinikkassistent, medarbeidar i dyrebutikk, førar av tenestehund, instruktør på hundeskule eller arbeide i dyrepark eller med forsking på dyr. Du kan trene på handtering, fôring og stell av kaninar og gnagarar, eksotiske fuglar, akvariefisk og reptil i vår flotte smådyravdeling og lære trening av hund, språk og åtferd ved den største hundeavdelinga i Norge. Vg1 Dyrefag fører vidare til Vg2 Hundefag eller Vg2 Dyrehelse. 

 

Vil du arbeid med dyr og dyreeigare? Når du vel å arbeide med dyr må du ha eit godt dyreauge, varmt hjarte og lett kunne prate med dyreeigare og kollegaer. På Stend får du jobbe med mange ulike dyreslag. I Noregs største smådyravdeling lærer du handtering, fôring og stell av selskapsdyr, hund og katt. Du lærer også trening av hund, språk og åtferd og om dyrevelferd og dyrehelse. Vg1 Dyrefag fører vidare til Vg2 Hundefag eller Vg2 Dyrehelse.

Vg1 Dyrefag er designa for deg som har ambisjonar om å arbeide med hund, katt, selskapsdyr, zoodyr eller dyr i nytte og teneste. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan dyreklinikk, dyrebutikk, dyrehage, hundeskule, tenestehund, forsøksdyravdeling eller andre verksemder i dyrefaget.

Etter Vg1 Dyrefag kan du velje mellom to spesialiseringar i programfag:

  • Vg2 Hundefag
  • Vg2 Dyrehelse

Etter Vg2 kan du velje to løp.

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i dyrefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev.
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og søkje høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning eller anna.

Kva lærer eg?

På Stend får du arbeide med ei rekke dyreslag. I den største smådyravdelinga i Norge lærer du handtering, fôring og stell av selskapsdyr; som gnagarar, kanin, papegøyefuglar, finkar, akvariefisk og reptil. På hundeavdelinga, som også er størst i Norge, lærer du om hundar og hundefag. Som eksempel kan nemnast trening av hund, språk og åtferd, utstyr, tryggleik og handtering. Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for dyra sitt eigenverd, og korleis du kan vurdere om dyret også har glede av aktivitetar og interaksjonar.

På bildet ser vi en gutt og to sauer på beitet.

Målet med studiet er at du utviklar kompetanse for yrkesarbeid med dyr. Du lærer praktisk handtering, stell, omsorg og pleie av dyr. Dyrevelferd og dyrehelse er sentrale tema i studiet, der du både lærer kva helse og velferd faktisk er og korleis du kan fremje det hos dyr. Det er også nyttig å vite at som dyrefaglært arbeider du tett med ulike kundegrupper, og ikke sjeldan arbeidar du meir med folk enn direkte med dyr.

Sentrale oppgåver er å:

  • utøve fagleg forsvarleg og omsorgsfullt stell og pleie av dyr
  • arbeide med helsefremmande og førebyggjande tiltak for fysisk og mental velferd for dyr
  • levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kunder
  • yte kundeservice gjennom kommunikasjon, rettleiing og instruksjon
  • drifte og vedlikehalde til dømes dyreklinikkar, dyrebutikkar, hundeverksemder eller dyreparker
  • tilegne deg ny kunnskap og ny teknologi i arbeid knytta til dyr
  • ta hand om god hygiene og gode smittervernsrutinar
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering

 

Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.

Last ned komplett fagplan (PDF)

Korleis er ei vanleg veke?

To dager i veka har du programfag i avdelingane og litt i klasserom. Du er då innom alle avdelingane: smådyr, hundeavdelinga, stall og ridehall, fjøs, inn på tunet, gartneriet og gardsbutikken. Her får du innføring i dyreslaga, jobbar med å halde ved like anlegget og utviklar artskunnskap. Du lærer å stelle og handtere dyr på ein sikker måte og å ta vare på velferda og helsa til dyra. Du lærer å trene hund, får ei grunnleggjande forståing for samspelet dyr-menneske og lærer deg å tolke åtferd og språk. I øvingane er du i ei lita gruppe på om lag 8-10 elevar.

Ein dag i veka har du fordjuping i dyrefaget (YFF), for eksempel i smådyr, spesialsøk med hund, dyrehelse, fjøs eller stall. Dette er kjekke dagar der du er i ei lita gruppe og du får fullt fokus på å bli skikkeleg god i eitt fagområde.  

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Som dyrefaglært jobbar du i ulike typar verksemder som tilbyr opplevingar, tenester og produkt knytta til dyr. Det kan være formidling og rettleiing, sal av produkt eller omsorg- og helsetilbod. Du kan for eksempel bli:

  • assistent på dyreklinikk
  • medarbeidar i dyrebutikk
  • førar av tenestehund
  • instruktør på hundeskule
  • dyrepassar i dyrepark
  • medarbeidar i forsking på dyr

 

Samfunnet vil i tida framover ha stort behov for deg som ønskjer å arbeide innan dyrefag og du vil bli ein attraktiv arbeidssøkjar.

Korleis søkjer eg?

For å søke på Vg1 Dyrefag på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg1 Dyrefag.

 

Kva trengs av meg?

Når du vel å arbeide med dyr må du ha eit godt dyreauge, varmt hjarte og lett kunne prate med dyreeigare og kollegaer. Du må like å arbeide ute i skiftande miljø, ha eit godt blikk og ha evne til observasjon. Du som vel dyrefag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend!

Bli ein del av dyreteamet, du òg!

 

Bildet viser en jente bakfra som holder armen på en hest

Vg1 Hestefag

Vg1 Hestefag er eit tilbod til deg som har ambisjonar om å jobbe i hestefaget og for deg som vil drive med hest som hobby. På Vg1 Hestefag jobbar du med hest, stallarbeid og stalldrift, riding, køyring og salmaking. I tillegg kjem arbeid med maskiner. Ein del av undervisninga er teoretisk. Du må ikkje ha eigen hest for å gå på hestelinja, men om du har, så har vi plass til den i skulen sin stall. 

Vg1 og Vg2 Hestefag

Hestefag er linja for deg som vil inn i hestenæringa! Gjennom praksis med hest vil du lære spesifikke yrkesoppgåver knytta til hestekunnskap, stallarbeid og aktivitetar med hest. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i dyrefaget i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessuten ei veke på studietur.

Hestefag er retta mot deg som har ambisjonar om å spesialisere deg til fagarbeidar innan tilrettelegging av mange ulike aktivitetar med hest. Studiet siktar særskilt mot hestefagyrker som leverer tenester og produkt til hestehald, aktivitetstilbod for fritid, helse og omsorg, friluftsliv, turisme og pedagogisk arbeid med hest. 

hestefag-banner-stend.jpg

 

Etter Vg1 og Vg2 kan du velje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i hestefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

 

Kva lærer eg?

På Vg1 og Vg2 får du grunnleggjande kompetanse i hestefaget og lærer om sikker handtering, stell, fôring, helse, dyrevelferd, sjukdom, hygiene, smittevern og rutinar. Du kan bruke kunnskapen din til ei rekkje yrker med hest!

Du vil lære å bruke hesten i køyring, riding og andre aktivitetar og i dette inngår valg, bruk, tilpassing og vedlikehald av utstyr. Du og medelevane vil ta del i kunderetta aktivitetar på skolen, som show, oppvisningar, stevner, barneriding mm. Slik får du øve deg på å tilretteleggje for gode møter mellom dyr og menneske. Gjennom drift av aktivitetar og stall lærer du om økonomistyring, kvalitetssikring, utvikling og etablering av næring med hest. 

På Vg2 går du djupare inn i faget for å få grunnlag til å arbeide profesjonelt:

Dyrelære og aktivitet

  • Biologi og domestisering
  • Etologi, åtferd og læring
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Fôr og fôring
  • Fordøyelse og ernæring
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Fysisk førebygging og rehabilitering
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for hesten sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om hesten også har glede av aktivitetar og interaksjonar. 

Hesteanlegget

Stend har to stallar med plass til omlag 40 hestar. Du kan leige stallplass til din private hest og på Vg1 og Vg2 inngår du i ein turnus for å drifte stallen. Les meir og søk stallplass her. Ved stallen er det opparbeidd ein stor køyre- og ridebane (40x80m), samt ein mindre bane. På hesteanlegget finn du også ein moderne ridehall med internasjonale mål (20x60m).

Bildet viser to jenter som sitter på hver sin brun hest i ridehallen

Du er med på å halde ved like, byggje og berike hestemiljøet, du har dagleg interaksjon med hestane og lærer om kvart individ sine særskilte behov.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag på hesteanlegget. Det meste av opplæringa skjer i praktiske øvingar i små grupper her ved skulen, men noko opplæring skjer utanfor skulen i samarbeid med andre aktørar i hestenæringa.

Ein dag i veka har du YFF. Her kan du sjølv velje mellom ulike praktiske fordjupningsfag i hest, som salmaking, rideskule, juleshow, utplassering i hestenæring og anna. Du kan også velje realfag for spesiell studiekompetanse.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan travnæring, rideverksemd, galoppnæring, hesteturisme og fritidsaktivitetar, stutteri og andre yrke som krev særskilt kompetanse på hest.

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

Sprangriding av jente.jpg

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Hestefag på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg1 Hestefag.

For å søkje på Vg2 Hestefag på Stend vel du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Hestefag.

Kva trengs av meg?

For å bli god i hestefag må du ønskje å jobbe med både hest og menneska deira. Yrker i hestefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide utanfor vanlege arbeidstider, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vere omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Hestefag!

Bli ein del av hesteteamet, du òg!

 

Bildet viser en gutt som sitter på en stein med ryggsekk på.

Vg1 Friluftsliv

Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag. Vi fokuserer på basisferdigheiter innan friluftsliv, - ferdigheiter du treng for å klare deg ute heile året. Du får vere med på jakt, havsportaktivitetar som kajakk og coasteering og du får prøve deg i vinterfjellet. Du får øve deg på kart og kompass, klatring, bål, førstehjelp og å overnatte ute under ulike forhold. 

Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse, og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag.

På Vg1 friluftsliv fokuserer vi på basisferdigheiter innan friluftsliv. Du får lære, og øve på, dei grunnleggande ferdigheitene du treng for å klare deg ute heile året. Du får vere med på tradisjonelle former for bruk av naturen som sauesanking og jakt, til mer moderne former for friluftsliv gjennom klatring, kajakk og coasteering. Når snøen kjem i fjellet, spenner vi på oss fjellskiene og du får gjere deg kjent med vinterfriluftslivet. 

I løpet av et skoleår har vi ca. 10 overnattingsturer, med varigheit på 2-5 dager. Ca. 30 døgn på tur, i tillegg til dagsturer og dagsaktiviteter.

Kva lærer eg?

Du får kunnskap innan emne som kart og kompass, bål, førstehjelp, å overnatte ute under ulike forhold og mykje meir. Du tar ulike kurs som brattkort, våttkort, jegerprøve, metodekurs coasteering, DNT`s grunnleggende turlederkurs og båtførarprøve. 

Her ser du ein grovplan for eit år på VG1 friluftsliv (PDF)

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar med friluftsliv som programfag. 

Ein dag i veka har du YFF (yrkesfaglig forjuping) eller fordjuping i matte og naturfag. I YFF får du anledning til å øve og lære enda meir om friluftsliv. Fordjuping i matte og naturfag gjev moglegheit til å ta spesiell studiekompetanse.

Store delar av undervisninga skjer med naturen som læringsarena, i skulens nærmiljø eller til lands og til vanns i Vestlandsnatur. 

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Korleis søker eg? 

For å søkje på Vg1 Friluftsliv på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med friluftsliv" på Vigo

Vegen vidare

Dei som går på Vg1 Friluftsliv fortsetter vanlegvis på Vg2 Friluftsliv på Stend.

Det endelege målet er vanlegvis generell eller spesiell studiekompetanse.

Kva trengs av meg?

Dersom du;

  • liker å vere ute
  • liker utfordringar 
  • liker å lære sammen med andre
  • er åpen for å lære nye ting, men også kan dele av det du kan fra før
  • ønsker å yte så godt du kan

ja, da har du alle forutsetninger for å trives her hos oss! 

 

Bildet viser tre jenter som sitter på bakken kledd i arbeidsklær

 


Vg1 Anleggsgartnar

Likar du å jobbe ute med små maskiner for å lage fine utemiljø for andre? På Vg1 Anleggsgartnar lærer du å halde parkar og grøntanlegg ved like. Du lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. I løpet av Vg1 har du utplassering i bedrifter. Deretter kan du gå vidare til Vg2 Anleggsgartnar på Stend. Etter to år på skule ventar to år i bedrift som lærling. 

Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar

Likar du å tenke kreativt, vurdere fargar og former i landskapet? Ønskjer du å påvirke verda rundt deg? Vil du vere ute i frisk luft heile dagen? Plant framtida di i dag – bli anleggsgartnar!

Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar er designa for deg som har ambisjonar om å vere med å byggje og forme flotte uterom. Du formar parkar og installasjonar, driftar grøntanlegg, utformar terreng, held ved like planter og tre og legg til rette for aktiv bruk og bevaring av natur, kultur og friluftsareal. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan verksemder i anleggsgartnarfaget.

 

Bildet viser Lille lungegårdsvann , bed og bygninger i bakgrunnen

Etter Vg1 Anleggsgartnar på naturbruk kan du gå vidare til Vg2 Anleggsgartnar på Bygg- og anleggsteknikk.

Etter Vg2 kan du velje to løp.

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i anleggsgartnarfaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev.
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og søkje høgare utdanning for å bli til dømes ingenør, arkitekt eller byplanleggar.

Kva lærer eg?

På Stend får du bruke små maskinar og byggje varige utemiljø på skulen sin varierte eigedom. Du arbeider òg inne i den nye anleggsgartnarhallen, lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. Du held parkar og grøntanlegg ved like og set spor etter deg ved å byggje installasjonar for aktivitetar på skulen.

Bildet viser den historiske hagen med hovedbygning i bakgrunnen

 

Den historiske renessansehagen på Stend vart rekonstruert og drifta av anleggsgartnarar på Stend, i samarbeid med anleggsgartnarverksemder

Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for godt handverksmessig arbeid, estetikk, kvalitet og at anlegga er tilpassa og funksjonelle.

Sentrale oppgåver er å:

  • planlegge og byggje uteanlegg
  • drifte og vedlikehalde uteanlegg
  • legge til rette for leik, fritid og idrett
  • velje rett utstyr, materiale, maskinar og redskaper
  • ta val ut frå miljø, vegetasjon og terreng
  • etablere veksestad og tilretteleggje vekstvilkår
  • sikre at anlegg er universelt utforma
  • yte kundeservice
  • levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kundar
  • velje løysingar som er levedyktige, kostnadseffektive og som sparar miljøet

Korleis er ei vanleg veke?

Tre dager i veka har du programfag der du arbeider praktisk på skulen eller i nærområda til skulen. I øvingane er du i ei lita gruppe på 8-10 elevar. I tillegg får du utplassering i ei anleggsgartnarverksemd i fleire samanhengande veker gjennom året. Utplasseringa gir god førebuing til læretida.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

 

Bildet viser en park sett ovenfra

Kvar får eg jobb?

Å være anleggsgartnar er eit urbant fag. Omlag kvar einaste kvadratmeter i ein by er bygd av ein anleggsgartnar. Det er anleggsgartnarane som byggjer vegane, møteplassene, parkane, trappene, bybanestoppa og det meste som omgir oss i byen. Faget er i vekst, og det trengst flinke fagfolk hos anleggsgartnarmeistarane og hos dei som bestiller tenesta deira. 

Du kan få jobb innan offentleg sektor og i private verksemder. Arbeidsplassen kan vere alt frå torg, parkar og leikeplasser, til større grøntanlegg ved private eller offentlige bygningar. Også industriområde, bygg- og anleggsnæringa, idrettsanlegg og kyrkjegardar kan vere aktuelle arbeidsplassar. I tillegg kjem tilrettelagde rekreasjonsområde i naturen.

Om du vel anleggsgartnerutdanninga på Stend og dermed kvalifiserer deg, er du sikra læreplass. Dette har bransjen forplikta seg til ved å signere ein samfunnskontrakt med Stend VGS. Etter to år på skulen vil du få læreplass hos ei anleggsgartnerverksemd og gå i lære i to år. Når du består fagprøva vil du vere ferdig utdanna fagarbeider i eit yrke med stor etterspurnad etter fagfolk.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Anleggsgartnar på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med anleggsgartner" på Vigo

For å søkje på Vg2 Anleggsgartnar på Stend vel du "Vg2 Anleggsgartner" på Bygg- og anleggsteknikk på Vigo

Kva trengs av meg?

Når du vel anleggsgartnaryrket må du like å arbeide ute i skiftande ver og årstider. Du må ha estetisk sans og være kreativ, kunne sjå for deg korleis terrenget kan utnyttast og ha interesse for planter, jordkultur, stein- og treprodukt, utstyr og maskinar. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend!

Bildet viser to jenter og en ku i fjøset.

VG2 Landbruk og gartnarnæring

Vil du arbeid med ku, sau og høns? Vil du dyrke mat i åkeren? Vil du bruk maskiner på garden? Da er Landbruk og Gartnarnæring VG2 tilbodet for deg. Her får du lære å mjølke og stelle storfe, du får arbeide i skogen og lage planar for drift av ein gard. Opplæringa vil ha eit miljø og berekraftsperspektiv der du får innblikk i korleis ein skal tenke langsiktig forvaltning av naturressursane knytt til garden.

Bildet viser en jente som ligger på bakken og en hund som ligger over henne.

Vg2 Hundefag

Dette er linja for deg som vil ha hund som yrke. Gjennom praksis med ulike hundar vil du lære å trene, fôre og stelle hund og utvikle ein tenestehund. Du startar ei ekte bedrift på skulen og lærer korleis du skal drive ein hundeskule og rettleie hundeeigarar. Vi trur på å lære gjennom å arbeide praktisk! Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i yrker med hund i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser òg ei veke på studietur. 

Hundefag er eit populært fag på Stend - dette er linja for deg som vil ha hund som yrke! Gjennom praksis med ulike hundar vil du lære å trene, fôre og stelle hund og utvikle tenestehundar. Vi trur på å lære gjennom å arbeide praktisk! Du startar difor ei ekte bedrift på skulen og lærer korleis du kan drive ein hundeskule og rettleie hundeeigarar. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i yrker med hund i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessutan ei veke på studietur.

Vg2 Hundefag er designa for deg som har ambisjonar om å spesialisere deg på hund, trening, åtferd og kommunikasjon. Studiet siktar særskilt mot arbeid med hund i nytte og teneste og trening av dyr. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan hundeskule, tenestehund, pensjonat, hundeturisme eller dyreklinikkar, dyrebutikkar og dyreparkar.

Bildet viser en hund og en jente

 

Etter Vg2 kan du velje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i hundefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

 

Kva lærer eg?

På Vg2 Hundefag får du grunnleggjande kompetanse om hund og hundefag og lærer mykje om åtferd, velferd, hundetrening og god kundehandsaming. Du kan bruke treningskunnskapen din på ei rekkje dyreartar, i tillegg til hundar!

Klassen startar ei ungdomsbedrift som tilbyr kurs til vanlege hundeeigarar gjennom å drive sin eigen hundeskule i skuletida. Slik får du øve deg på ulike hundar og ulike kundar. For å få grunnlag til å lære opp hundeeigarar og hunder får du opplæring og øving i:

Dyrekunnskap, dyrevelferd og aktivitet

  • Læring og trening          
  • Etologi og åtferd
  • Åtferdsproblem
  • Biologi og domestisering
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Fordøyelse og ernæring
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift av hundeskule
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Verdiskaping og innovasjon
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Fysisk førebygging og rehabilitering
  • Spesialsøk med hund
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for dyra sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om hunden også har glede av aktivitetar og interaksjonar. Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.

Last ned komplett fagplan (PDF)

Hundeavdelinga

Hundeavdelinga er den største i Norge. Vi har to store, oppvarma treningshallar med yogamatter, mykje treningsutstyr, treningsbane, kjøkken og resepsjon. Vi har også utstyr og kompetanse til å trene spesialsøkshundar. Dette får også du lære!

Bildet viser hodet til en hund

 

Vi har flotte, oppvarma «hyblar» til hundane. Dette er små rom med senger, benker og sofaer. Elevar som har eigne hundar kan ta dei med på dagar der hunden kan få god merksemd.  Men det er ikkje naudsynt å ha eigen hund for å gå hundelinja, sidan elevane driv hundeskule som del av utdanninga.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag i hundeavdelinga. Frå omlag oktober til april arrangerer du hundekurs i skuletida. For å få hundeeigarar til å kome på kursa, startar og markedsfører du og klassen eigen hundeskule.

Ein dag i veka har du utplassering i ei aktuell verksemd. Vi ynskjer å tilby deg ei fordjupning som fører deg i den yrkesretninga du ser for deg. Vi har eit stort nettverk og har utplasseringsplassar i hundeskular, pensjonat, tenestehundverksemder, hundebarnehagar, hundefrisørar og fleire. Nokre elever ynskjer òg å ha utplasseringa si i dyreklinikk, dyrebutikk eller dyrepark.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Som hundefaglært jobbar du i ulike typar hundeverksemder med helse-, pass og omsorgstilbod, formidling og rettleiing, sal av produkt til hund eller opplevingar med hund. Du kan til dømes bli:

  • føra av tenestehund
  • instruktør på hundeskule
  • medarbeidar i pensjonat, hundefrisør eller hundebarnehage
  • assistent på dyreklinikk eller i andre helsetilbod
  • medarbeidar i dyrebutikk
  • dyrepassar i dyrepark
  • medarbeidar i forsking på dyr

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli åtferdskonsulent, dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg2 Hundefag på Stend vel du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Hundefag.

Kva trengs av meg?

For å bli god i hundefag må du ønskje å jobbe med både dyr og menneske. Yrker i hundefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide ute i skiftande miljø, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vere omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Hundefag!

Bli ein del av åtferdsteamet, du òg!

Bildet viser en svart og hvit hund som ligger på gulvet
Bildet viser en kanin

Vg2 Dyrehelse

Har du ambisjonar om å arbeide med omsorg for dyr? Her lærer du om dyra sin anatomi, fysiologi og helse. Gjennom praktiske øvingar og teori, vil du lære om mange ulike dyrearter og deira særeigne krav til miljø, fôr og stell. Praktisk erfaring er noko vi set høgt i opplæringa. Gjennom fleire vekers utplassering i Norge eller utlandet får du prøve deg i typiske dyreomsorgsyrker, i til dømes dyreklinikk, dyrebutikk eller hjelpeorganisasjonar for dyr. 

Dyrehelse er linja for deg som vil ha helse og omsorg for dyr som yrke! Gjennom praksis med mange ulike artar vil du lære spesifikke yrkesoppgåver knytta til å pleie, fôre og stelle dyr. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i dyrefaget i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessutan ei veke på studietur.

Vg2 Dyrehelse er designa for deg som har ambisjonar om å spesialisere deg til assistent i veterinærklinikk, zoohandel eller liknande. Studiet siktar særskilt mot yrke som leverer tenester og produkt for stell, omsorg og pleie av dyr. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan dyreklinikkar, dyrebutikkar og dyreparkar og andre yrke som krev særskilt kompetanse for å ta vare på ulike dyreartar.

Bildet viser en oransje fisk

Etter Vg2 kan du velgje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i dyrefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, dyrepleie, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

Kva lærer eg?

På Vg2 Dyrehelse får du grunnleggjande kompetanse i dyrefaget og lærer artskunnskap, helse, velferd, sjukdom, hygiene, smittevern og rutinar. Du kan bruke kunnskapen din på ei rekkje dyreartar!

Klassen startar ei ungdomsbedrift som tilbyr tenester eller produkt til vanlege folk, gjennom til dømes å invitere eldresenter til smådyravdelinga, ha open dag der barnehagebarn får lære om dyra på Stend, arrangere barnebursdag eller anna. Slik får du øve deg på å tilretteleggje for gode møter mellom dyr og menneske. For å få grunnlag til å være profesjonell i ungdomsbedrifta får du opplæring og øving i:

Dyrelære og aktivitet

  • Biologi og domestisering
  • Etologi, åtferd og læring
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Fordøyelse og ernæring
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for dyra sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om dyra også har glede av aktivitetar og interaksjonar. Studiet har gjennomgåande vitenskapelige metoder som grunnlag.

Last ned komplett fagplan (PDF)

Smådyravdelinga

Smådyravdelinga er den største i Norge. Vi har alle artar som er vanlege i zoohandel, frå gnagarar og kaniner, papegøyer og andre eksotiske fuglar, til akvariefisk og reptil. Vi har også særskilt utstyr og kompetanse til å lære deg om forebyggande helsearbeid, førstehjelp, sjukdomslære, anatomi mm.

Smådyravdelinga har store, flotte flygebur til fuglane, spanande og miljøberika innhegningar til gnagarar og kaniner, flotte akvarier og naturlege terrariar til reptila. Du er med å halde ved like, byggje og berike dyremiljø, har dagleg interaksjon med dyra og lærer mykje om kvar art sine særskilte behov.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag i smådyravdelinga. Frå omlag oktober til april driv du ungdomsbedrift i skuletida. For å få kundane til å komme til smådyravdelinga marknadsfører du og klassen det de kan tilby på avdelinga.

Ein dag i veka har du utplassering i ei aktuell verksemd. Vi ynskjer å tilby deg ei fordjupning som fører deg i den yrkesretninga du ser for deg. Vi har eit stort nettverk og mange utplasseringsplassar i dyreklinikk og dyrebutikk. Nokre elever ynskjer å ha utplasseringa si andre stader, som dyrepark eller rehabilitering.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Som dyrefaglært jobbar du i ulike typar dyreverksemder med helse- og omsorgstilbod, formidling og rettleiing, sal av produkt til dyr eller opplevingar med dyr. Du kan til dømes bli:

  • assistent på dyreklinikk eller i andre helsetilbod
  • medarbeidar i dyrebutikk
  • dyrepassar i dyrepark
  • medarbeidar i forsking på dyr

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg2 Dyrehelse på Stend vel du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Dyrehelse.

Kva trengs av meg?

For å bli god i dyrefag må du ønskje å jobbe med både dyr og menneske. Yrker i dyrefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide i skiftande miljø med høgt tempo, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vere omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Dyrehelse!

Bli ein del av dyreteamet, du òg!

 

 


Bildet viser en person fra livet og ned som sitter på en brun hest

Vg2 Hestefag

Dette er linja for deg som meiner at hest er ein naturleg del av kvardagen! Du får variert undervisning gjennom heile året i riding (dressur, sprang, tur, terreng), køyring (dressur, presisjon, arbeidskøyring, køyring i skogen) og trav. I tillegg lærer du om salmaking, utstilling, stalldrift og generell handtering og dagleg stell av hest. Du kan få utplassering i ein hesterelatert bedrift eller fordjupe deg i hestefag på skulen. 

Vg1 og Vg2 Hestefag

Hestefag er linja for deg som vil inn i hestenæringa! Gjennom praksis med hest vil du lære spesifikke yrkesoppgåver knytta til hestekunnskap, stallarbeid og aktivitetar med hest. Gjennom fleire veker med utplassering får du prøve deg i dyrefaget i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser dessuten ei veke på studietur.

Hestefag er retta mot deg som har ambisjonar om å spesialisere deg til fagarbeidar innan tilrettelegging av mange ulike aktivitetar med hest. Studiet siktar særskilt mot hestefagyrker som leverer tenester og produkt til hestehald, aktivitetstilbod for fritid, helse og omsorg, friluftsliv, turisme og pedagogisk arbeid med hest. 

hestefag-banner-stend.jpg

 

Etter Vg1 og Vg2 kan du velje to løp

  • Fagbrev: To år i lære i ei verksemd i hestefaget der du går opp til fagprøva og får fagbrev
  • Studieførebuande: Ta Vg3 Påbygg og deretter søke høgare utdanning innan veterinærmedisin, biologi, zoologi, etologi, forvaltning, forsking eller anna.

 

Kva lærer eg?

På Vg1 og Vg2 får du grunnleggjande kompetanse i hestefaget og lærer om sikker handtering, stell, fôring, helse, dyrevelferd, sjukdom, hygiene, smittevern og rutinar. Du kan bruke kunnskapen din til ei rekkje yrker med hest!

Du vil lære å bruke hesten i køyring, riding og andre aktivitetar og i dette inngår valg, bruk, tilpassing og vedlikehald av utstyr. Du og medelevane vil ta del i kunderetta aktivitetar på skolen, som show, oppvisningar, stevner, barneriding mm. Slik får du øve deg på å tilretteleggje for gode møter mellom dyr og menneske. Gjennom drift av aktivitetar og stall lærer du om økonomistyring, kvalitetssikring, utvikling og etablering av næring med hest. 

På Vg2 går du djupare inn i faget for å få grunnlag til å arbeide profesjonelt:

Dyrelære og aktivitet

  • Biologi og domestisering
  • Etologi, åtferd og læring
  • Ontogeni og sosialisering
  • Dyrevelferd
  • Helse
  • Fôr og fôring
  • Fordøyelse og ernæring
  • Førstehjelp og sjukdomslære
  • Reproduksjon og avl
  • Anatomi og fysiologi

Entreprenørskap og drift

  • Bedriftsetablering og drift
  • Økonomi, marknadsføring og kvalitet
  • Rettleiing og kundebehandling
  • Helse, miljø og tryggleik
  • Sikkerheit og risikovurdering i arbeid med dyr
  • Hygiene og smittevern
  • Etikk
  • Lover og reglar
  • Fysisk førebygging og rehabilitering
  • Dyr-menneske interaksjonar

 

 

Eit gjennomgåande fokus er respekt for hesten sin eigenverdi, og korleis du kan vurdere om hesten også har glede av aktivitetar og interaksjonar. 

Hesteanlegget

Stend har to stallar med plass til omlag 40 hestar. Du kan leige stallplass til din private hest og på Vg1 og Vg2 inngår du i ein turnus for å drifte stallen. Les meir og søk stallplass her. Ved stallen er det opparbeidd ein stor køyre- og ridebane (40x80m), samt ein mindre bane. På hesteanlegget finn du også ein moderne ridehall med internasjonale mål (20x60m).

Bildet viser to jenter som sitter på hver sin brun hest i ridehallen

Du er med på å halde ved like, byggje og berike hestemiljøet, du har dagleg interaksjon med hestane og lærer om kvart individ sine særskilte behov.

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar i veka har du programfag på hesteanlegget. Det meste av opplæringa skjer i praktiske øvingar i små grupper her ved skulen, men noko opplæring skjer utanfor skulen i samarbeid med andre aktørar i hestenæringa.

Ein dag i veka har du YFF. Her kan du sjølv velje mellom ulike praktiske fordjupningsfag i hest, som salmaking, rideskule, juleshow, utplassering i hestenæring og anna. Du kan også velje realfag for spesiell studiekompetanse.

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Kvar får eg jobb?

Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan travnæring, rideverksemd, galoppnæring, hesteturisme og fritidsaktivitetar, stutteri og andre yrke som krev særskilt kompetanse på hest.

Du kan òg vidareutdanne deg til å bli dyrepleiar, veterinær, zoolog, biolog, etolog, forskar eller innan annan tverrfagleg kompetanse.

Sprangriding av jente.jpg

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Hestefag på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg1 Hestefag.

For å søkje på Vg2 Hestefag på Stend vel du "Vg2 Heste- og dyrefag" på Vigo. Du får i ettertid eit spørjeskjema frå skulen om kva slags fordjupning i programfag du ønskjer. Då svarer du Vg2 Hestefag.

Kva trengs av meg?

For å bli god i hestefag må du ønskje å jobbe med både hest og menneska deira. Yrker i hestefag krev mykje av deg når det kjem til kommunikasjon med kundar og oppdragsgjevarar. Du må like å arbeide utanfor vanlege arbeidstider, tole litt skit, ha eit godt blikk og evne til observasjon. Du bør vere omsorgsfull, audmjuk og god til å samhandle. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend Hestefag!

Bli ein del av hesteteamet, du òg!

688A4243.jpg

Vg2 Friluftsliv

På Vg2 friluftsliv får du vidareutvikle ferdigheitene frå VG1 og mellom anna bruke meir tid på klatring og kajakk. Turane vil bli meir krevjande, både sommar og vinter. Vi reiser mellom anna på ein fem dagars klassetur. På Vg2 skal du lære å vere turleiar og ha ansvar for ei gruppe på tur. Du får òg lære korleis det er å starte opp og drive ei bedrift og gjennom dette får du innsikt i kva som skal til for å leve av friluftsliv. 

På Vg2 friluftsliv får du vidareutvikle ein del av dei ferdigheitene du tileigna deg på VG1. Du får mellom anna bruke meir tid på klatring, kajakk og coasteering der du får mulighet til å utdanne deg til instruktør.

I løpet av året har vi ca. 10 overnattingsturar, med varigheit på 2-8 dager. Ca. 30 døgn på tur, i tillegg til dagsturer og dagsaktivitetar.

Kva lærer eg?

Dette året blir turane meir krevjande, både sommar og vinter. På Vg2 skal du lære å vere turleiar, og ha ansvar for ei gruppe på tur. Gjennom faget Ungdomsbedrift, får du lære korleis det er å starte opp og drive ei bedrift. Her vil du få innsikt i kva som skal til for å leve av friluftsliv, og overskuddet fra bedriftene brukes til ein 8-dagar tur til Wales. Vi samarbeider tett med lokale aktørar innen friluftsfaget, og du får mulighet til å knytte band og bygge ditt eige nettverk i denne næringen. Ein dag i veka er du utplassert i bedrift, noe som har gitt elevar muligheter for jobb i ettertid.

Her ser du ein grovplan for korleis året er for elevane på Vg2 friluftsliv (PDF)

Korleis er ei vanleg veke?

To heile dagar med friluftsliv som programfag. 

Ein dag i veka kan du velje om du vil ha fordypning i realfag eller være utplassert i bedrift.

På Stend Naturbruk legg vi til rette for at du kan velje dei faga du treng for å nå måla dine.

Tre år på Stend Naturbruk gir deg ein praktisk og aktiv skulekvardag samtidig som du kan ta studiekompetanse. For å få studiekompetanse må du gå allmennfagleg påbygg det tredje året. Dei fleste tar generell studiekompetanse som opnar for å søkje på dei fleste høgskular og universitet.

Nokre studiar krev spesiell studiekompetanse. Dette gjeld for eksempel veterinær, dyrepleiar og ulike realfagsstudiar. På Stend kan du få spesiell studiekompetanse ved å ta meir matte, naturfag og realfag. Vi tilbyr mattekursa R1 og R2, og realfaga Kjemi 1 og 2.

Krav til studiekompetanse på ulike studier finn du på samordna opptak.

 

I utplassering får du anledning til å høste erfaring og sjå korleis det kan vere å jobbe med friluftsliv.

Store delar av undervisninga skjer med naturen som læringsarena, i skulens nærmiljø eller til lands og til vanns i Vestlandsnatur. 

Dei to andre dagane har du fellesfag.

Korleis søker eg?

For å søkje Vg2 Friluftsliv på Stend vel du "Vg2 landbruk og gartnernæring med friluftsliv" på Vigo. 

Kva trengs av meg?

Dersom du;

  • liker å vere ute
  • liker å bli utfordret
  • er nysgjerrig på hvordan det er å lede andre på tur
  • liker å lære sammen med andre
  • er åpen for å lære nye ting, men også kan dele av det du kan fra før
  • ønsker å yte så godt du kan

ja, da har du alle forutsetninger for å trives her hos oss! 

Vegen vidare

Etter VG2 Friluftsliv går du VG3 Påbygg. 

 

Bilde viser en jente og en hund

Vg3 Opplæring i bedrift

Elevar som har gått Vg2 Hundefag eller Vg2 Dyrehelse på Stend kan søke om lærlingeplass.

 

Elevar frå Vg2 Hestefag kan søke læreplass i godkjende lærebedrifter under Vg3 Hestefaget.

Lærlingeordninga er ein fantastisk sjanse til å få løn samstundes som du får verdifulle erfaringar i eit utviklande arbeidsmiljø. Du får óg ein anerkjend kvalifikasjon! 

Vg2 Hundefag og Vg2 Dyrehelse fører til Vg3 Dyrefag. Du kan velje å søke på mange spanande læreplasser med den spesialiseringa du ønskjer!

Her er nokre døme:

  • Dyreklinikk
  • Dyrebutikk
  • Dyrepark
  • Førar av tenestehund i Forsvaret, humanitære organisasjonar eller andre verksemder
  • Hundeskular og hundepensjonat
  • Hundefrisør
  • Forsøksdyravdeling
  • Rehabilitering eller andre helsetilbod for dyr
  • Opplevingsturisme med hund
  • Inn på tunet eller andre liknande tilbod med dyr
charlotte-minehund.jpg

 

Fordelane med å bli lærling er nesten endelause, men her er nokre:

  • Få betalt: få lønn i lærlingetida!
  • Få erfaringer frå det verkelege livet: Som arbeidstakar får du verdifull arbeidserfaring og livserfaring
  • Få ein anerkjend kvalifikasjon: Fagbrev er anerkjend og respektert over heile verda
  • Lær spesifikke jobbferdigheiter: Bygg ein solid CV og gjer deg bemerka overfor framtidige arbeidsgivarar
  • Gode jobbsjanser: Nesten to tredeler av alle lærlingar får arbeide vidare på lærlingeplassen etter avslutta læretid. 4 av 5 har jobb etter fem år.