Hopp til hovedinnhold

Dei ulike læringsarenaene

Stend VGS ligg i eit gamalt kulturlandskap, og består av ei rekkje ulike bygningar. Desse blir nytta i opplæringa.

Driftsbygninga og fjøset

Vg 1 naturbruk nyttar driftsbygninga som øvingsarena, og fjøset er populært for elevar i tilrettelagte grupper. I enden av driftsbygninga finn du skulen sin nye besøksavdeling. Denne inviterer inn barnehagegrupper og andre som vil møte dyra som bur der. Det er elevgrupper på naturbruk som driftar avdelinga.

Stallen

Skulen har stall med plass til ca. 40 hester, kapasiteten blei dobla i 2011. Nye stallplassar er etablert i tidlegare smådyravdeling. Elevane kan leige seg inn her med eigne private hester, som etter avtale kan bli brukt i undervisninga. Ved stallen er det opparbeidd stor køyre- og ridebane (40x80m) og ein ny moderne ridehall med internasjonale mål (20x60m).

Hundeanlegg

I stallområdet finn du og eit moderne hundeanlegg, med dagkennel og Lupolabben, der elevane kan drive trening med hundane.

Smådyravdelinga

Smådyravdelinga blei i 2011 flytta frå området ved stallen, til gammelt reiskapshus/potetlager ved fjøsplassen. Her finn du ei moderne avdeling med eit breitt spekter av selskapsdyr. Elevane deltar i drifta, og lærer kva dei ulike dyra treng, og korleis dei skal handtere dei.

Gartneriet

Ei av gruppene på arbeidslivstrening har base i gartneriet, og det er ei mykje brukt øvingsarena for anleggsgartnarane. Andre grupper bruker det nye kjøkkenet i gartneriet i øvingar knytt til foredling og drift. Veksthusa dekker eit areal på 1,2 daa, og her er hovudproduksjonen sommarblomster, juleblomstrar, agurk og urter.

Sagbruket

Skulen har eige sagbruk med gardssag for produksjon av trelast, og vedmaskinar for vedproduksjon. Sagbruket er ei mykje brukt læringsarena for grupper i tilrettelagte grupper, og i enkelte øvingar i vg1 naturbruk.

Bjarghallen

Bjarghallen ligg like i nabolaget vårt, og er i bruk til kroppsøving og i mykje av den praktiske opplæringa i idrettsfaga.

Stend Fitness

Hausten 2013 opna Stend Fitness, skulen sitt eige treningssenter! Treningssenteret er i bruk i kroppsøving og til basistrening, i tillegg til at mange av skulen sine elevar og tilsette trener flittig i fritida.