Hopp til hovedinnhold

Tilbod til publikum

Bilde av en elev og sauer

Stend har gode tradisjonar som ein aktiv aktør i lokalmiljøet. Dette fører vi vidare i dag, mellom anna med å invitere publikum inn på skulebruket

Open gard

Fleire gonger i året inviterer vi til familiedag på Stend vidaregåande skule. Då inviterer elevar og tilsette til eit storslagent arrangement der du får møte dyra våre, delta i aktivitetar som bamsesjukehus, riding, prøvesitting i traktor, såing eller høsting, demonstrasjon av agility med hund, idrettsaktivitetar og mykje meir. Inntektene frå desse dagane går til klassekassene, fordelt på dei elevane som deltar.

Det er opent fjøs, selskapsdyravdeling og gardsbutikk, og sal av god mat. Arrangementa blir annonsert. Velkommen!

Besøksgarden på Stend

Ta turen til Stend Besøksgard og ver med på fôring, riding og kos med alle dyra våre.

Avdelinga er drifta av dyktige elevar. Dyra du kan treffe hos oss er:
Sauer med ulike fargar, geiter med krøllete ull, søte små kaniner, høns i mange ulike fargar og hestar som likar stell og kos. 

Det er mogleg å sitte rett utanfor Besøksgarden og ete matpakka si. Opplegget rundt besøket passar fint for barnehagar, skular og som eit aktivitetstilbod til eldresenter. 

Ungdomsbedrifter

På vg2 etablerer nokre klasser ungdomsbedrift som ledd i opplæringa. Desse vender seg ofte til publikum. 

Utleige

Stend vidaregåande skule har fleire bygg og anlegg som kan leigast. Kontakt kontoret: post.stj@vlfk.no

Juleshow

Elevane på hestefag har dei siste åra arrangert juleshow i ridehallen i adventstida. Dette arrangementet blir annonsert.

Opne dagar

I samband med innsøking frå ungdomsskuler arrangerer skulen opne dagar, for at dei som lurer på å søke seg til Stend, kan gjere seg kjent med våre tilbod. Invitasjonar til dette blir sendt til ungdomsskulane, og annonsert på nettsidene våre. Ønsker du å besøke oss utanom desse dagane, ta kontakt med skulen.