Hopp til hovedinnhold

Gardsbutikken og gartneriet på Stend

Bilde av grønnsaker og blomster

Gardsbutikken er mykje besøkt, og har mange faste kundar. Velkomen til ein spennande butikk der du finn varer som speglar årstida vi er i. Vi har også eit stort gartneri som er lokalisert same stad.

Gardsbutikken har ein visjon om å vere eit veksthus både for planter og mennesker. Vi ønsker å fremme økologisk matvareproduksjon og lokal småskalaproduksjon. Her vil du oppleve ei positiv samrøre mellom ein unik butikk, blomsterproduksjon av beste kvalitet, skuleelever i øvingsarbeid og eit imøtekomande personale med gode varekunnskaper.

I gardsbutikken finn du:

  • økologiske varer
  • eigenproduserte varer frå Stend
  • lokalproduserte varer frå andre gardsbruk og småbedrifter
  • varer elles knytta til jord og planter
 

Heile året har vi:

  • økologiske grønnsaker, urter, frukt, saft, potetar og kjøttprodukt – mest eigenproduserte, men og lokalproduserte og meir langreiste varer.
  • dagferske egg frå frittgåande høner
  • lokalprodusert ost og lefser

 

I sesong har vi:

Jul- og sommarblomster av ypperste kvalitet, direkte frå produksjonsborda i veksthusa.
 
Der finn du opningstider og informasjon om kva som skjer. Det er mellom anna tidvis kafe og kurs.
Tlf. 55 92 98 90
 
Velkommen innom!
 
Bildet viser frukt- og grønnsaksutvalg, butikkdisken og hyller