Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
På Stend vil du få ei praktisk retta opplæring, i ein aktiv skulekvardag. Vg1 er felles for dei som vel service og samferdsel. På Stend kan du søke deg vidare inn på Vg2-kursa:
- Sal og reiseliv
- Sikkerhet og administrasjon
Kvifor Sal, service og reiseliv?
God kundebehandling, kunnskapar om lover og forskrifter og evna til å vere løysingsorientert er sentralt i sal, service og reiseliv. Du skal representere bedriften, og må difor vere høfleg, omgjengeleg og innstilt på å yte service. Du må difor like å ha med andre menneske å gjere. Du må kunne vise respekt for ulike kulturer, tradisjonar og etiske normer.
Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, frå sal til tryggleik.