Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

To elever som ser på et kart

Stend vidaregåande skule er ein særegen skule som passer godt for deg som liker å opphalde deg både ute og inne. Det er ein skule kor du kan få teoretiske og praktiske utfordringar i eit triveleg skulemiljø. Vi har yrkesfaglege og studieforberedande programområde.

Det er fleire avdelingar på skulen. Nokon held til i hovudbygget og ei avdeling (tilrettelagt) held til eit nyleg rehabilitert bygg i hjarte av det historiske kulturlandskapet på Stend. 

På Stend skjer mykje av opplæringa på læringsarenaer utanfor skulebygget. 

Administrasjonen ligg i hovudbygget. 

Ekspedisjonen på skulen er open måndag - fredag kl. 08.00 - 15.00. I skranken møter du Vibeke og Torunn. Du kan også ringe 55 91 88 00, eller sende e-post direkte til postmottak. 

Kontakt gjerne oss i ekspedisjonen.

Kvar finn du oss

Adressa til skulen vår er Fanavegen 249, 5244 FANA. Den ligg landleg til ved Fanafjorden. Kjem du med buss tar det under 5 minutt å gå til skulen frå busshaldeplassen.

Her finn du skulen vår på kartet.

Dette synes vi er viktig

Vi jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. Vi har fotballspel og bordtennisbord  i fellesarealet inne og sjakkbrett og basketballkorger ute.  Alle elevane har også tilgang til Stend fitness.

Miljøteamet vårt er svært aktive i skulemijøet og arbeider aktivt for at alle elevar skal finne seg til rette i undervisinga og i friminutta. 

Elever som spiller fotballspill

Tilgjenge

Stend vidaregåande skule har eit stort område, med mange bygg. Det er dei siste åra gjort fleire ombyggingar og oppgraderinger for å tilfredstille krava til universell utforming.Ta kontakt med skulen for meir informasjon.

På nettsida til Bygg for alle kan du lese om korleis tilgjenge til skulen er.

Skulen sin historie

Skulen vår har vore i drift sidan 1866. Sidan den gong er den bygd på og modernisert fleire gonger. Du kan lese om skulen sin historie på ei anna side.