Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

På Stend har vi ei avdeling som heiter "Elevtenesta". Elevtenesta skal støtte og hjelpe deg slik at du får ei god tid som elev her på skulen. Vi har ulike roller og utdanning, og kvar av oss kan difor hjelpe deg på ulikt vis.

3 elever som blader i lærerbøker og sitter med en PC på fanget

Rådgjevarane våre

Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med personlege spørsmål og med val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Strevar du med å finne deg til rette på skulen og i undervisninga? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.

Miljøteamet

Miljøteamet jobber for at alle elevar skal trives og ha ein god skulekvardag. Dette gjør dei ved å være synlege i skulemiljøet og ved å være lett tilgjengeleg for alle på skulen. Målet er at så mange elevar som mogeleg skal fullføre vidaregåande skule, og med eit så godt resultat som mogeleg.

Telefon: 456 18 980

Heidi Kathrine Friis-Eriksen

miljøkoordinator

Tonje Nordal-Pedersen

miljøfagarbeidar

Kristine Lynghaug

miljøterapeut

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiarane er tilknytt elevtenesta ved Stend VGS. Dei kan gje råd og veiledning angåande din fysiske og psykiske helse.

Her kan du lese meir om helsesjukepleiarane og skulehelsetenesta

Leksehjelp

Skulen har ikkje eigen leksehjelp, men Røde Kors tilbyr leksehjelp på ulike stader i Bergen. 

Elevrådet

Elevrådet skal ta opp saker som du som elev synes er viktige. Det blir valt elevrådstyre kvart skuleår.

Skuleåret 2023/2024 er desse i elevstyret:

  • Elevrådsleiar Isabell Hjelmeland
  • Nestleiar Kaia Førde Bolme
  • Sekretær Lucas Ekeli Løvaas

Heidi Friis-Eriksen (e-post) er elevrådskontakt, og støtter elevrådet i arbeidet deira.

Elevrådet på Stend har møter om lag ein gong i månaden. Dei er aktive i arbeidet for å skape ein god skule for alle elevane, i godt samarbeid med leiinga ved skulen.

Elevrådet er ein god møteplass for å knyte kontaktar på tvers, og spesielt viktig på Stend der elevane har stor variasjon i opplæringstilbodet.

Er du elev på skulen og vil melde inn saker til elevrådet kan du kontakte Heidi  på telefon 930 84 807.

Biblioteket

På biblioteket kan du låne bøker, bruke iMac-er, og få hjelp til studieteknikk og kjeldekritikk.

På biblioteket får du utlevert lærebøkene dine, og du får det nasjonale lånekortet. Her er det trivelege arbeidsplassar og sofakroker, og du kan jobbe med stille arbeid, individuelt eller i små grupper. Vi har faglitteratur og oppslagsverk du kan bruke som kjelder, og du kan be bibliotekaren om hjelp. 

Biblioteket vårt

Bildet viser et mat og drikke på tallerken og bord

Noko å spise?

Har du det litt for travelt om morgonen til å spise frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei  kantine med stort utval av både mat og drikke.