Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit viktig ledd i arbeidet med eit godt skolemiljø, og ein sentral del i opplæringa. Vi har fokus på å utvikle eit høgt medvit blant elevar og tilsette om korleis vi kan forebygge ulykker, og korleis vi skal handtere ulykker og uhell dersom dei likevel skjer. Vi har difor utarbeid eit hefte med vernereglar. Under kan du byrje med å lese rektor sin innleiing, og deretter lese heile heftet.
Vernereglar for Stend vidaregåeande skule - innleiing
Desse vernereglane gjeld både tilsette og elevar ved skulen, men ordlyden er i hovudsak innretta mot elevane på skulen.
I yrkeslivet er alle arbeidstakarar sikra retten til trygge arbeidsplassar gjennom arbeidsmiljølova. Elevane sitt arbeidsmiljø er regulert gjenom §9A i opplæringslova. Skulen ynskjer at du som elev skal føle deg minst like trygg i skuletida, som ein tilsett på ein arbeidsplass. Vernereglane er eit verktøy for å sikre at arbeidsmiljøet ved skulen er i tråd med regelverket, og er i særleg grad retta mot det fysiske arbeidsmiljøet. Vernereglane er på same tid eit verktøy for å gi elevane grunnleggjande opplæring i HMS-arbeid.
Det er viktig at du les vernereglane grundig og prøvar å forstå kvifor dei ulike reglane er blitt laga. I neste omgang er det avgjerande at du følgjer reglane når du har praktiske øvingar. Bryt du desse eller let vera å ta omsyn til dei, risikerar du å sette både ditt eige og medelevar sitt liv og helse i fare. Det er også viktig å tenkje over korleis du kan bidra positivt i det sosiale felleskapet i kvardagen. Alle har rett til eit godt og trygt skule- og arbeidsmiljø.
For å vere sikker på at du har fått nødvendig opplæring, bed vi deg om å signere på eigne lister etter kvart som opplæringa vert gjenomført. Er du under 18 år ønskjer vi at ein en av dine foreldre/føresette les gjenom vernereglane her og skriv under på at dei har gjort det.
Les heile heftet om vernereglane på Stend vgs.