Som elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.
Dette kan du klage på
Du kan klage på alle standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde. Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.
Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klagar.
Klagefrist
Klagefristen er ti dagar frå du fekk vedtaket om standpunktkarakter.
Du har rett på grunngjeving før du klager
Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.