Hopp til hovedinnhold

Bygg- og anleggsteknikk

 Bilde av den historiske hagen og hovedbygningen

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje anleggsgartnarfaget?

Likar du å tenke kreativt, vurdere fargar og forme landskapet? Ønskjer du å påvirke verda rundt deg? Vil du vere ute i frisk luft heile dagen? Ønskjer du å bruke heile kroppen? Plant framtida di i dag – bli anleggsgartnar!

På Stend får du ei yrkesnær opplæring i den nye anleggsgartnarhallen på skulen og i dei varierte parkane og uteområda ved skulen. Stend har avtalar med verksemder slik at du er sikra utplassering i nærområdet og har særs gode moglegheiter for læreplass.

Kva kan du bli?

Med fagbrev som anleggsgartnar er du verdsett i offentleg og privat sektor og kan arbeide med

  • torg, parkar og leikeplasser
  • grøntanlegg ved private eller offentlege bygningar
  • industriområde
  • bygg- og anleggsnæringa
  • idrettsanlegg
  • kyrkjegardar
  • tilrettelagde rekreasjonsområde i naturen

 

Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Opplæringa er praktisk retta og skulen tilpasser dette i dialog med aktuelle elevar. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål. Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning. 

Med studiekompetanse kan du komme inn på høgskular og universitet. Kompetanse innan naturbruk blir verdsett i stadig fleire yrke:

  • ved oppstart av eiga verksemd
  • ingeniør
  • arkitekt
  • byplanleggjar
  • forvaltning og forsking
  • undervisning og rettleiing

 

 

Korleis søkjer eg?

For å søkje på Vg1 Anleggsgartnar på Stend vel du "Vg1 Naturbruk med anleggsgartner" på Vigo

For å søkje på Vg2 Anleggsgartnar på Stend vel du "Vg2 Anleggsgartner" på Bygg- og anleggsteknikk på Vigo

Fag og årstimetal på anleggsgartnar

Vg1 Anleggsgartnar

Vil du byggje og utforme uteområda i Bergen? På Stend kan du gå Vg1 Anleggsgartnar på naturbruk.

Velkommen til ein aktiv skulekvardag med varierte oppgåver ute og inne. Du får arbeide med anlegg og parker på Stend og i nærområdet, bruke små maskiner til å lage fine utemiljø for andre, lage murar og legge heller og belegningsstein.

Bildet viserelever som driver med landmåling.

Vg2 Anleggsgartnar

Det trengs fleire anleggsgartnarar! På Vg2 Anleggsgartnar på Bygg- og anleggsteknikk får du praktisk og teoretisk opplæring i drift og stell av uteanlegg. Du formar nye anlegg, lærer om planter, stein og brukar ulike maskiner. I løpet av året driftar du dei varierte anlegga på Stend, men i periodar er du i praksis i verksemder i nærområdet. Du får dermed god kontakt med bransjen før du skal i lære. Bransjen tek inn mange lærlingar så du har gode sjansar til å få deg lærekontrakt og jobb.

Fil_001.jpeg

Passer anleggsgartnarfaget for meg?

Vg1 og Vg2 Anleggsgartnar er designa for deg som har ambisjonar om å vere med å byggje og forme flotte uterom. Du formar parkar og installasjonar, driftar grøntanlegg, utformar terreng, held ved like planter og tre og legg til rette for aktiv bruk og bevaring av natur, kultur og friluftsareal. Utdanninga gir deg breie kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer deg til å arbeide innan verksemder i anleggsgartnarfaget.

Lille Lungegårdsvann i Bergen sentrum

Kva lærer eg?

På Stend får du bruke små maskinar og byggje varige utemiljø på skulen sin varierte eigedom. Du arbeider òg inne i den nye anleggsgartnarhallen, lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. Du held parkar og grøntanlegg ved like og set spor etter deg ved å byggje installasjonar for aktivitetar på skulen.

Bildet viser den historiske hagen med hovedbygningen i bakgrunnen

Den historiske renessansehagen på Stend blei rekonstruert og drifta av anleggsgartnarar på Stend, i samarbeid med anleggsgartnarverksemder

Eit gjennomgåande fokus i utdanninga er respekt for godt handverksmessig arbeid, estetikk, kvalitet og at anlegga er tilpassa og funksjonelle.

Sentrale oppgåver er å:

  • planlegge og byggje uteanlegg
  • drifte og vedlikehalde uteanlegg
  • legge til rette for leik, fritid og idrett
  • velje rett utstyr, materiale, maskinar og redskaper
  • ta val ut frå miljø, vegetasjon og terreng
  • etablere veksestad og tilretteleggje vekstvilkår
  • sikre at anlegg er universelt utforma
  • yte kundeservice
  • levere kvalitetssikra opplevingar, tenester og produkt til oppdragsgivar og kundar
  • velje løysingar som er levedyktige, kostnadseffektive og som sparar miljøet

 

Korleis er ei vanleg veke?

Tre dager i veka har du programfag der du arbeider praktisk på skulen eller i nærområda til skulen. I øvingane er du i ei lita gruppe på 8-10 elevar. I tillegg får du utplassering i ei anleggsgartnarverksemd i fleire samanhengande veker gjennom året. Utplasseringa gir god førebuing til læretida.

Bildet viser en elev som bruker vinkelsliper.

Kvar får eg jobb?

Å være anleggsgartnar er eit urbant fag. Omlag kvar einaste kvadratmeter i ein by er bygd av ein anleggsgartnar. Det er anleggsgartnarane som byggjer vegane, møteplassene, parkane, trappene, bybanestoppa og det meste som omgir oss i byen. Faget er i vekst, og det trengs flinke fagfolk hos anleggsgartnarmeistarane og hos dei som bestiller tenesta deira. 

Du kan få jobb innan offentleg sektor og i private verksemder. Arbeidsplassen kan vere alt frå torg, parkar og leikeplasser, til større grøntanlegg ved private eller offentlige bygningar. Også industriområde, bygg- og anleggsnæringa, idrettsanlegg og kyrkjegardar kan være aktuelle arbeidsplassar. I tillegg kjem tilrettelagde rekreasjonsområde i naturen.

Om du vel anleggsgartnerutdanninga på Stend og dermed kvalifiserer deg, er du sikra læreplass. Dette har bransjen forplikta seg til ved å signere ein samfunnskontrakt med Stend VGS. Etter to år på skulen vil du få læreplass hos ei anleggsgartnerverksemd og gå i lære i to år. Når du består fagprøva vil du være ferdig utdanna fagarbeider i eit yrke med stor etterspurnad etter fagfolk.

Kva trengs av meg?

Når du vel anleggsgartnaryrket må du like å arbeide ute i skiftande ver og årstider. Du må ha estetisk sans og vera kreativ, kunne sjå for deg korleis terrenget kan utnyttast og ha interesse for planter, jordkultur, stein- og treprodukt, utstyr og maskinar. Alt dette kan du trene på i lag med medelevar og lærarar på Stend!

Etter to år på realfag ombestemte Emily Gabrielsen seg, og begynte på yrkesfag i stedet. Nå er hun anleggsgartnerlærling, og stortrives i jobben.

Det var frykten for å sitte på et kontor hele dagen som fikk Emily til å starte forfra igjen. Hun trives best utendørs, og orket ikke tanken på et innendørs yrke. Derfor søkte hun vg1 naturbruk på Stend etter at hun var ferdig med vg1 og vg2 studiespesialiserende på en annen skole.

Planen var å komme seg ut i anleggsgartnerlære etter ett år på Stend, men hun kom i jobb lenge før den tid.

- Siden jeg allerede hadde tatt fellesfagene, fikk jeg fri på skolen de dagene hvor de hadde norsk, engelsk og alt det jeg kunne fra før. Og siden jeg skulle bli anleggsgartner, var det flere firma som tilbød meg jobb som hjelpearbeider på fridagene mine. Dermed fikk jeg begynne i arbeid helt fra starten av anleggsgartnerutdanningen, sier hun.

 Emily var ferdig på skolen i vår, og nå er hun i gang med det første av tre år i lære. Hun arbeider i et av de største anleggsgartnerfirmaene i byen, og er strålende fornøyd med jobben sin.

 - Det er ikke to dager som er like. Vi er ute hele dagen, til alle årstider, og vi får med oss endringene i naturen fra uke til uke. Nå merker vi at våren er på gang. Det er flott å ha en jobb hvor vi gjør det fint rundt oss, og hvor vi har et synlig resultat å vise til hver dag vi går hjem.

 Selv om hun bare er første års lærling, har Emily allerede fått egen bil, og hun har sine egne oppdrag som hun er ansvarlig for. I tillegg har hun vært del av vaktstyrken i hele vinter, med to uker på og to uker av, og med ansvar for salting og brøyting.

 - På det travleste har vi vært i sving to til tre ganger for døgnet i vinter, med mye nattarbeid. Det er hektisk når det står på, men samtidig moro, og betalingen sier jeg jo selvsagt ikke nei takk til, slår hun fast.

 Emily anbefaler flere jenter å velge anleggsgartneryrket.

 - Dette er ikke den rette jobben for dem som er redd for å bli svett eller skitten. Men alle dem som liker å være utendørs, og å jobbe med planter og trær, bør vurdere yrket. Det gjør noe med deg å være ute hele dagen, og få frisk luft ned i lungene. I tillegg kan jeg anbefale selve utdanningen på det varmeste. Det året jeg gikk på vg1 naturbruk på Stend var det beste skoleåret jeg har hatt, med kjekke lærere og masse nytt og spennende å lære.

Bilde av tre elever som sitter på bakken.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. 

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora.

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.

 

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Om du går Vg3 Påbygg på Stend kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse og kan studere vidare på høgskule og universitet. Vg3 allmennfagleg påbygging er eit år med mykje teori. Du kan velje eit fritt programfag som friluftsliv, psykologi, kjemi, biologi, fysikk eller matematikk.