Hopp til hovedinnhold

Sentrale dokument i vgs

Den vidaregåande opplæringa er styrt av lover, reglar, planar og rettleiingar. Her har vi samla nokre av dei viktigaste for deg som elev.

Elevforsikring

Alle elevar i vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune har ulykkesforsikring.
Forsikringa gjeld også for elevar under midlertidig opphald i utlandet som t.d. ved utveksling.

Dersom du ønskjer meir informasjon om forsikringsordninga kan du ta kontakt med skulen din.

Forskrift om inntak og formidling

Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass inneheld reglar om korleis inntaket til vidaregåande skular skal gjerast, og kva reglar som gjeld for formidling til læreplass.

Her kan lese meir om søknad og inntak.

Her kan du lese meir om formidling av læreplass og lærekandidatplass.  

Fråværsgrense

Fråværsgrensa blei innført for å motivere elevane til jamn innsats og å forhindre skulk.

Fråværsgrensa gjeld for elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

Rundskriv Udir. 2016
Meir om fråvær på udir.no 

Fråværsreglement

Felles fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland blei vedtatt av Fylkestinget den 09.03.21.

Føremålet med eit felles fråværsreglement er å samle gjeldande reglar på ein stad og slik gjere regelverket meir tilgjengeleg for skulane og elevane. Eit felles reglement sikrar også størst grad av likebehandling mellom skulane.

Fråværsreglementet er ei samling av dei gjeldande nasjonale reglane om fråvær og fråværsføring. I tillegg er det lagt inn lokale presiseringar der det er rom for det.

Merk at reglementet er meint som eit supplement og ei rettleiing for dei gjeldande reglane.

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland (PDF)

IKT-reglement for elevar i Vestland fylkeskommune

Dette er eit reglement som skal fremje god samhandling, god orden, gode arbeidsvanar , slik at lærings- og arbeidsmiljøet i Vestland fylkeskommune blir trygt og godt.

Reglementet gjeld for deg som er elev i Vestland fylkeskommune når du bruker fylkeskommunen sine datanettverk, lokale, utstyr, system og programvarer.

IKT-reglementet for Vestland fylkeskommune

Opplæringslova

Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring. Lova finn du på www.lovdata.no

Forskrift til opplæringslova har utfyllande reglar og den finn du også på www.lovdata.no 

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å tolke lovverket og publiserer jamleg rettleiingar og tolkingar av regelverket på nettstaden deira www.udir.no

I tillegg til desse nasjonale reglane, finst det lokale reglar for dei vidaregåande skulane i Vestland.

Ordens- og åtferdsreglementet

Felles ordensreglement for Vestland skal fremje trivsel, respekt og medansvar.

Reglementet skal fremje god orden, god åtferd og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.

Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglementet for Vestland fylkeskommune (PDF)