Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

Bilde av en elev fra hoften og ned, som holder en skolesekk i hånden

Lurer du på korleis du kjem deg til skulen med offentleg transport? Kjem du med bil eller moped? Vil du sykle eller gå? Trenger du taxi-transport? På denne sida finn du alt du treng å vite.

Buss til Stend VGS?

For å komme til skulen vår kan du ta buss nr 60, 61, 62 og 64 som stoppar rett utanfor skulen. Buss nr 60 går direkte til Stend frå Bystasjonen kvar morgon kl 07.15.  Dei andre bussane går frå Lagunen. Treng du skuleskyss må du kjøpe 30-dagers ungdomsbillett.

30-dagars ungdomsbillett

Du må som hovudregel bruke 30-dagars ungdomsbillett til skuleskyssen. Dette gjeld også om du bur meir enn 6 km frå skulen. Det betyr at du som er funksjonsfrisk og under 20 år ikkje har rett på gratis skulereisekort.

Informasjon om ungdomsbilletten og korleis du kjøper den finn du på skyss.no

Sjekk om du har du rett på gratis skuleskyss på skyss.no

Taxi-transport til skulen

Her finn du informasjon om kva som gjeld for deg som treng tilrettelagt skyss.

Bil og moped

Køyrer du bil og kjem frå Lagunen, tar du av i Rådal i retning Fana, FV 546. Skal du parkere inne på skuleområdet må du ha tilgangskort for bommen. Det er sett av nokre plassar til gjestar. 

Det er sett av plass til mopedparkering på hovudparkeringsplassen.

Vi oppmodar andre å bruke alternative, oppmerka plasser i utkanten av skuleområdet (Titlestadvegen, Hordnesvegen). Det er ikkje tillat å parkere langs vegen, då dette kan vere til hinder for arbeidsbilar/maskinar.

Det er ikkje tillatt å køyre inn på tunet.

Sykkel- og gangveg

Det er god gang- og sykkelveg frå Lagunen og Nesttun, og frå Fana.
Det er sykkelparkering inne på tunet, ved mur ned mot fjøsplassen, og ved inngang E.