Hopp til hovedinnhold

Råd, utval og eit samarbeidsprosjekt

På denne sida kan du lese litt om ulike utvalg nokre av elevane på Stend VGS kan delta i. Du vil også få vite noko om internasjonal dag og samarbeidet med ein lokal organisasjon, Kolibri - Children at Risk Foundation.

Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga frå elevane, skulen og dei tilsette i arbeidet med skulemiljøet.

I skulemiljøutvalet sit rektor, assisterande rektor, ein lærarrepresentant, ein representant frå andre tilsette, elevrådskontakten og 6 representantar frå elevrådet. Elevane skal vere i fleirtal i utvalet.

Grønt flagg

Miljøgruppa på Stend består av engasjerte elevar og tilsette som arbeider for å gjere skulen grønare og meir miljøvennleg. 

Kolibri - Carf

Våren 2016 inngjekk Stend vidaregåande skule ein samarbeidsavtale med Kolibri - Children at Risk Foundation (Kolibri-CARF).  Avtalen betyr at vi utvider det samarbeidet avdeling for arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning har hatt i nokre år, til å gjelde heile skulen.

Kolibri - CARF ønsker å etablere eit langsiktig samarbeid som kan skape engasjement hos elevane, samtidig som eit slikt samarbeid kan bety ei stabil støtte for prosjektet i Brasil.

Stend vidaregåande skule ønsker eit samarbeid med CARF. Vi trur at meir nærleik til eit prosjekt, over tid, kan skape eit større og meir konstruktivt engasjement blant elevane enn det vi har fått til gjennom Operasjon Dagsverk.

Gjennom eit samarbeid med ein lokal organisasjon har vi eit mål om å arbeide meir systematisk og langsiktig. Målet er å involvere heile skulen, skape engasjement gjennom aktivitet i og mellom grupper og integrere arbeidet med internasjonale spørsmål og kultur i ulike fag.

Elevar på skulen vil gjennom året ha prosjekter for å samle inn støtte til Kolibri-CARF. I tillegg skal vi gjennomføre ein "Internasjonal dag".

Elevrådet har eit ansvar for oppfølging av avtalen med CARF, i planlegging av Internasjonal dag og ved å inkludere det i elevrådet sitt arbeid gjennom året.

Skulen frigjer ein skuledag til gjennomføring av Internasjonal dag, koordinerer arbeidet i arbeidsgruppa og tar ansvar for å inkludere samarbeidet i fag og aktivitetar gjennom året.

 

Internasjonal dag

Fokus for dagen er:

  • Kunnskap om CARF i Noreg og Brasil, om internasjonale spørsmål og korleis ungdomar kan engasjere seg
  • Involvering - solidaritet gjennom aktivitet, skape engasjement
  • Styrke fellesskapet på Stend

 

I forkant av, og på sjølve dagen, gjennomfører elevane innsamlingsaktivitetar. På Internasjonal dag deltar alle elevane på ulike aktivitetar, knytt til kultur, kunnskap og fellesskap.

Internasjonal dag vart gjennomført for første gong i 2017.