Hopp til hovedinnhold

Kantina

Bilde av to personer i kokkeklær

Kantinerommet på Stend er open for elevar heile skuledagen. Det kan vere ei fin plass å sitte for å treffe andre elevar, jobbe med gruppearbeid og for å ete lunsj. Kantinepersonalet sel mat i delar av opningstida.

I kantina vår kan du velje mellom mykje sunn og god mat. Kantina er open måndag- torsdag klokka 09.15 - 13.00 og fredag kl 09.15 - 12.00.

Du finn kantina i 1. etasje i skulebygget, inngang E. Her har vi 90 sitteplassar i lyse og trivelege lokale.

Meny

I kantina kan du kjøpe pålegg og brød, påsmurt, meierivarer, frukt, og andre godsaker. Du kan forsyne deg frå ein fristande salatbar til ein billig penge, eller kjøpe dagens varmrett. 

Ved kantina har vi toastjern og mikrobølgeomn for dei som vil varme seg mat, og ein automat der du kan kjøpe enkel mat og drikke når kantina er stengt.

Med mat i magen får du energi til å halde ut skuledagen! 

Betaling

Du kan betale med kort eller kontant.

Spørsmål?

Har du spørsmål kan du snakke med Gurid Aga Blokhus som er kantineansvarleg.