Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Helsesjukepleiarane våre

På skulen vår har vi to helsesjukepleiarar som vekslar på å vere på skulen. Du kan ta kontakt med Anne Grethe Ask Korsmo dersom du vil bestille time. Du kan også berre komme innom og sjå om  helsesjukepleiar er ledig. Kontoret til helsesjukepleiar ligg i 2. etasje, forbi biblioteket, og inn til høgre. 

Anne Grethe Ask Korsmo er til stades: mandag (nokre), tysdag, onsdag og torsdag.

Vivian Robertsen er til stades: tysdag og fredag 

Ingrid Sundseth Johansen (skulepsykolog)

Ta kontakt med helsesjukepleier for å få time hos skolepsykolog.

 

Anne Grethe Ask Korsmo

helsesjukepleier

Vivian Robertsen

helsesykepleier

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
  • testing for seksuelt overførbare infeksjoner
  • sorg og kriser
  • rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • vald eller overgrep
  • bruk av anabole steroider

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der.

Helsesjukepleiar og skulepsykolog har teieplikt og må difor ha samtykke frå deg som elev dersom det er nødvendig å drøfte situasjonen din med andre samarbeidspartnarar. Me samarbeider med heim, skule og øvrig hjelpeapparat der dette er naudsynt eller ønskeleg.

Bergen Kommune har også eit tilbod om helsetenester retta mot ungdom. Her kan du lese meir om Helsestasjon for ungdom.