Biblioteket

På skulebiblioteket på Stend vidaregåande skule har vi både faktabøker og skjønnlitteratur. Du kan bruke internett i samband med skuleoppgåver, og treng du ei utskrift kan du få det her.Vi har sittegrupper til gruppearbeid, og arbeidsplasser dersom du vil fordjupe deg i fred og ro.

Opningstider

  • Måndag - onsdag: kl. 08.30- 16.00 (Bemanna)
  • Torsdag og fredag: kl. 08.30 - 15.00 (Etter avtale med lærarar, som då har ansvar for bruken.)

 

Lånekontrakt

Når du startar på skulen m du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker

Bibliotekaren

Anne Bente Totland har jobb på biblioteket vårt. Ho kan hjelpe deg å finne bøker, artiklar og anna.

Ring 55 91 88 47

E-post: Anne Bente Totland

 

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

Det kan vere vanskeleg å finne fram til god informasjon som du kan stole på, og bruke det på rett måte. Her finn du nokre tips som kan hjelpe deg i dette arbeidet.

Kjeldekritikk

Hensikta med kjeldekritikk er å slå fast at materialet du har funne er relevant for emnet du skriv om, og at informasjon er påliteleg. Ved bruk av kjelder frå verdsveven er det spesielt viktig å vere kritisk til dei kjeldene du finn. Her følgjer nokre spørsmål du må stille til skriftlege kjelder du vurderer å bruke.

Trykt materiale

  • Er forfattaren kjent? Har forfatteren skreve fleire bøker innan emnet?
  • Når er boka utgitt – er den ny eller gamal? 
  • Har boka kome i fleire utgåver? Noko som indikerer at boka er eit standardverk.
  • Dekker innhaldet dine krav?
  • Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meiningar eller propaganda?
  • Er språkbruken truverdig?

Utgivar

  • Kva forlag er boka gitt ut på? Eit kjend forlag står stort sett for kvalitet.
  • Er utgivaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatting kan ha stor betydning på innhaldet.
  • Kor mange sider har boka?

År for utgjeving

  • Når er boka utgitt, er den ny eller gamal? Eit aktuelt tema krever informasjon som er av nyare dato.
  • Er boka gitt ut i fleire utgåver? Dette kan indikere at boka er eit standardverk, og såleis av god kvalitet.

Formålet med å gi ut boka

  • Les forordet.
  • Studer innholdslista.
  • Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meiningar eller propaganda? Er boka skriven for å overbevise, informere, underhalde eller provosere?
  • Passar nivået for ditt arbeid? Er boka laga for ei bestemt målgruppe? For eksempel barn, ungdom, elevar eller forskarar.
  • Studer litteraturlista. Viser den til andre kjente forfattarar på feltet, er det mogleg å finne dei andre kjeldene?

Internettkjelder

  • Kven er kjelda til informasjonen? Husk at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, med ulike formål.
  • Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen
  • Finst det opplysningar om personen/organisasjonen? 
  • Er personen/organisasjonen fagleg truverdig, kjent innan feltet? 
  • Er det mogeleg å kontakte kjelda per telefon, faks eller epost? 
  • Kva er motivet for å leggje ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
  • Er kjelda nøytral, eller finn du sterkt farga syn på saka?
  • Er språkbruken truverdig. Finn du mange skrivefeil? 
  • Er informasjonen ny eller gamal? Når vart sida sist oppdatert?
  • Har nettstaden ei god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?

Formålet med sidene:

  • Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er det reklame, propaganda eller fakta?
  • Er kjelden nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?

Truverde

  • Er språkbruken truverdig?
  • Finn du mykje skrivefeil?
  • Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
  • Har nettstedet ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?


Kjeldebruk
 

Når skal du oppgi kjelde?

Elevar slit ofte med å bruke kjelder på ein relevant måte. Problemet er av og til at dei skriv for likt originalteksten, i verste fall plagierer dei, eller dei parafraserer (skriver om) i for stor grad. Straffen for fullstendig plagiat på eksamen (i norsk) er ikkje-vurdert. Ved delvis plagiat skal ein berre vurdere dei delane som ikkje er plagierte.

  • Les kjeldene og noter viktige fakta i stikkordsform.
  • Bruk deretter desse i din eigen tekst. Det kan vere lurt å la det gå ei stund frå du les i kjeldene til du skriv sjølv, for å frigjere seg litt frå originalteksten.

Det som er allmenn kjent, treng ein ikkje oppgi kjelder på For eksempel: «Ibsen er ein av Noregs største dramatikarar gjennom tidene». Dersom du refererer til andre si tolking av ei bok, må du oppgi kjelde.

Korleis skal du oppgi kjelde?

Eigentleg er det berre publiserte kjelder som skal førast på i kjeldelista I ein skulesamanheng er det likevel ofte aktuelt å føre på upubliserte kjelder, slik at ikkje sensor skal fatte mistanke om juks Mange elevar viser for eksempel til interne notat og lærarpresentasjonar som ikkje er eksternt publiserte

Det er vanleg å oppgi ei alfabetisk kjeldeliste til slutt i teksten. Ein kan i tillegg oppgi kjelder i sjølve teksten. Dette er litt avhengig av oppgåvetypen. Kortare tekstar treng ikkje ha kjeldevising etterkvart, mens større oppgåver bør følgje denne praksisen.

Kjelder kan siterast direkte eller indirekte.

  • Indirekte: I boka "Naiv.Super" skriv forfattaren Erlend Loe om ein hovudperson som opplever eit samanbrot etter han har tapt for broren sin i krokket. Her er det nok å oppgi kjelde i sluttlista
  • Direkte: «Jeg spekulerer på å lage en liste over ting som begeistrer meg i dag.» (Loe 1996, side 32)
  • Du kan også bruke fotnote. Her går du inn i fana ‘referanser’ og set inn fotnote.
  • Du må også oppgi kjelde i sluttlista.
  • Når du siterer direkte skal du vere heilt nøyaktig, og ikkje endre på målforma.
  • Sitat som er på meir enn tre linjer, skal skiljast ut med innrykk og ekstra linjeskift over og under.
  • Slik korter du ned eit sitat: « […] med dette mener jeg at han tar feil.»
  • Dersom ein refererer til eit verk, som ei bok, ei avis eller tidsskrift, skal tittelen kursiverast, eller understrekast dersom teksten er skriven for hand.
  • Tittelen på eit kapittel i ei bok, eit dikt, ei novelle og liknande skal setjast i hermeteikn Døme: Diktet «Rose» er henta frå diktsamlinga Auger, hender.


Å vise til kjelder på internett

  • Dette kan vere vanskeleg, sida kan mangle datering, og forfattaren kan vere ukjend.
  • Finn du ikkje forfattaren, kan du bruke utgjevaren sitt namn.
  • Finn du ikkje publiseringsdatoen, må du bruke nedlastingsdatoen.
  • Ofte er det umogleg å kreve av elevane at dei skal gjere så grundig arbeid med nettkjeldene, men nettadresse og nedlastingsdato er eit minimum.


Og til slutt, lag ei kjeldeliste

  • Må vere alfabetisk etter etternamn. 
  • Ta med namnet på utgivaren.
  • Årstal rett etter forfattarnamnet.


Eksempel på kjeldeliste:

Andresen, Øyvind (m.fl)  (2007): Signatur 3, studiebok for norsk påbyggingskompetanse, Samlaget Berggren, Arne (1997): Fisken, Aschehoug
Uri, Helene (2005): «Ein simpl, silly draum», Aftenposten, 27.08.2005

Upubliserte kjelder:
Powerpointpresentasjon om naturalismen, fått av faglærar, 2011

 

 

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Slik låner du e-bøker frå biblioteka i Vestland

Du låner e-bøker og e-lydbøker i ein app. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Bookbites

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epostadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.