Tilgang til ridehall for eksterne ryttarar

Stend vidaregåande skule sel eit avgrensa tal på hallkort til ryttarar som ikkje direkte er knytt til skulen, men som ynskjer tilgang til ridehall.

Ridehallen

Ridehallen er 20mx60m og banedekket består av natursand og flis. Hallen blir stort sett harva kvar morgon i samband med undervisning, i feriar ikkje så regelmessig.

Hallen kan ikkje nyttast av eksterne før etter kl 16:00 på kvardagar og hallen er opptatt kvar onsdag i samband med organisert trening.

Stend og Midthordland hestesportslag leiger hallen til trening ei helg kvar månad. Sporadisk utleige ut over dette kan førekomma, men Stend vgs ynskjer at hallen i stor grad skal vere disponibel for våre elevar og eventuelt andre som kjøper seg tilgang.

Aktivitet knytt til undervisning i regi av Stend vgs kan førekomme enkelte kveldar i avgrensa periodar.

Hallkort

Hallkort kan du kjøpe med bankkort i resepsjonen til Stend vgs. Du vil då få eit bevis på at du har kjøpt hallkort. Hallkortet skal du ha med deg når du nyttar hallen. Kortet er personleg.

Pris

Våren 2023: 1500 kr (gjeld til 31.05.23)

Tilgang

Etter kl 16:00 på kvardagar unntatt onsdag
Helger unntatt fast treningshelg og sporadisk utleige

Kalender som viser utleige

Kontaktperson: Siri H. Brodal, tlf: 915 61 896