Hopp til hovedinnhold

Presentasjon og bildeframsyning av Lysekloster

Det blir presentasjon og bildeframsyning av Lysekloster i Gardsbutikken på Stend 9. november kl 18.00.

Presentasjonen blir holdt av Marit Nybø. Ho er kunsthistorikar. I si tid arbeidde ho med Lyse i samband med magisteroppgåva si. Ho vil bli akkompagnert av Per Bækken. Han er grafisk designar for boka Lyse kloster som er skriven av Marit Nybø. 

Det kostar 126 kr, inklusiv lett bevertning. 

Vi loddar stemninga og ser kor stor interessa er i fyrste omgang.  

Meld deg på ved å ringe butikken i opningstida (tel. 55 92 98 90) eller send melding i Messenger.

Vi gler oss og håper på godt oppmøte!