Hopp til hovedinnhold

Internasjonal dag 28. november 2024

Bildet viser en gruppe mennesker stilt opp for å løpe

CARF er skulen sitt solidaritetsprosjekt. På internasjonal dag samlar skulen inn pengar til barn og unge som veks opp under vanskelege vilkår i Brasil, mellom anna ved å ha eit sponsorløp

Children At Risk Foundation (CARF) hjelper barn som veks opp i urbane slumområde. Desse barna lever omgitt av fattigdom, kriminalitet, vald og rusmisbruk. Vi kallar dei derfor barn i risiko. Barn i risiko veks opp eitt feiltrinn unna eit liv fanga i kriminalitet, rusmisbruk, prostitusjon, eller verst av alt - døden.


Skulen samlar inn midlar til prosjekt som gir barna tryggleik, omsorg og framtidsmoglegheiter.  CARF sin hovudpartner er Rede Cultural Beija-Flor – også kjent som «Kolibriprosjektet» - lokalisert i São Paulo, Brasil, som driv aktivitetssenter for barn og unge.