Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Bildet viser noen elever omkring en traktor.

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Kurs

Stend vidaregåande skule tilbyr gjennom skuleåret ulike yrkesretta kurs. Kursa vert annonsert fortløpande på skulen sine heimesider. 

  • Plantevernkurs
  • Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Vi held kurs 18.–19. mars 2026: Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel.

 Fornying av bevis

1 dag 18.03.26 – kr 3100

(pris inkluderer lærebok, eksamensgebyr og servering)

 Bevis første gong

 2 dagar 18.–19.03.26 – kr 4200

(inkluderer lærebok, eksamensgebyr og servering)

 Påmelding innan 09.03.26 via denne lenkja:

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel – Fyll ut skjema

 

Agronomutdanning for vaksne

Som eit ledd i utviklinga og kompetansehevinga i landbruket, tilbyr Stend ei samlingsbasert agronomutdanning over to år.

Utdanninga er eit ledd i nasjonal satsing på rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Den er finansiert av Landbruks- og matdepartementet og er eit samarbeid med Vestland fylkeskommune.

Studiet gir kompetanse i landbruksfag på Vg2 og Vg3 på vidaregåande skule sitt nivå.
Studiet høver godt for deg som er i arbeid fordi det er basert på 9 helgesamlingar (fredag + laurdag) og med innleveringsoppgåver over internett mellom samlingane. Dei som fullfører og består programfaga og har fullført naudsynte fellesfag tidlegare, alternativt får dei godkjent gjennom realkompetansevurdering, får vitnemål som agronom etter 2 år.

 

Målgruppe: Vaksne over 25 år som treng kompetanse for å drive gard eller på annan måte vera yrkesutøvar innan landbruksnæringane.

Kostnader: Utdanninga er gratis, men deltakarane må sjølv dekke moglege kostnader knytt til reise og opphald i Bergen på samlingane.

Kurslengde: 2 år (fredag kl. 09.45 -18.00 og laurdag kl. 09.45– 16.30 ei helg i månaden). Oppstart i august.

Tal på deltakarer: 16

For meir informasjon kontakt kursansvarleg på Stend, Torbjørn Litlere på e-post: Torbjørn Litlere eller ring skulen på 55918800.

Det er kontinuerleg søknad, men vi vil tilrå at du søkjer innan 1. april.


Innhald i opplæringa

Samling- og nettbasert agronomutdanning for vaksne inneheld alle programfaga i læreplanen for Vg2 og Vg3. Du kan lese meir om innhaldet på Vilbli.no.

Generell informasjon om nettbasert agronomutdanning for vaksne
Opplæringstilbodet er utforma slik at måla er identiske med mål i:

  1. Utdanningsprogram for naturbruk – programområde for landbruk og gartnarnæring – læreplan i felles programfag Vg2
  2. Utdanningsprogram for naturbruk – programområde for landbruk – læreplan i felles programfag Vg3

Kunnskapsløftet har vidareført ordninga med komprimerte utdanningsløp, som Reform 94 opna for. Nettbasert agronomutdanning for vaksne er også tilpassa denne ordninga.

Nettbasert agronomutdanning for vaksne tek sikte på å utvikle yrkeskompetanse (kunnskapar, ferdigheiter og haldningar) i høve til allsidig landbruksproduksjon.

Med landbruk meiner ein her biologisk forvaltning av landarealet i ei vid tyding. Mjølkeproduksjon, eggproduksjon, sauehald knytt til utnytting av fjellbeite, opplevingslandbruket knytt til turisme, miljøvern, naturforvaltning, skjøtsel knytt til kulturlandskap og entreprenørskap er eksempel som viser spennvidda og mangfaldet innan landbruket.

Nettbasert agronomutdanning for vaksne er eit tilbod til dei som:

  1.  Ønsker å skaffe seg yrkesfagleg landbruksutdanning innan alle dei fagområda som er aktuelle for å drive eigen gard, arbeide som husdyravløysar, landbruksvikar eller med anna praktisk landbruksarbeid
  2. Ønsker landbrukskompetanse som eit supplement til annen formell utdanning
  3. Ønsker å bygge opp formell kompetanse i høve til vurdering av realkompetanse
  4. Ønsker grunnleggande kunnskapar, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt
  5. Ønsker meir kunnskap om natur- og miljøspørsmål

Inntakskrav

  • Skal ein ha grunnleggande kunnskap, fordjuping eller spesialisering innan enkelte fagfelt utan tanke på ei formell utdanning, er det ingen inntakskrav ut over at ein må være fylt 25 år.
  • Skal ein ha vitnemål ved fullført utdanning, må ein ha kompetanse i fellesfag tilsvarande 3-årig vidaregåande skule. Vidare må ein ha Vg1 naturbruk eller tilsvarande. Dei som ikkje stettar krava til inntak, men likevel ønskjer vitnemål ved fullført utdanning, må gjennom realkompetansevurdering før vitnemål kan skrivast ut.


Agronomutdanninga er ei nettbasert opplæring kombinert med samlingar. Timetalet på samlingane utgjer totalt ca. ¼ av stipulert timeforbruk pr. fag. Dette betyr at i eit 16-timars fagtema bruker vi 4 timer på ei samling, tillegg er det stipulert 12 timar heimearbeid i form av lesing og oppgåveløysing for å dekke måla i læreplanen.

Nettbasert agronomutdanning går over to år. Ein tek då Vg2 første året, og Vg3 andre året. Kursa går frå august til juni, og eksamen blir om våren.

Bilde av en traktor

 

Kompetanse

Full kompetanse (yrkeskompetanse som agronom): Vitnemål for fagutdanning innan landbruk blir oppnådd ved å fullføre studiet som vanleg elev eller ved å gå opp som privatist i alle faga  med karakter 2 eller betre. I tillegg må kompetanse i fellesfag tilsvarande læreplanen for studieretninga dokumenterast. Manglande programfag frå Vg1 naturbruk vert godkjent gjennom realkompetansevurdering.

Dokumentert delkompetanse: Kompetansebevis gitt som dokumentasjon på fullførte programfag, med karakter 2 eller betre.

Vaksenagronomutdanninga tek ikkje sikte på å skaffe elevane generell studiekompetanse.

Følgjande sertifisering ligg inne/delvis inne i studiet:

  • Bruk av motorsag
  • Helse, miljø og sikkerheitsopplæring (HMS)
  • Autorisasjonskurs i plantevern

 

Søknad og inntak

Du må registrere søknaden din på Vigo.no

  1. På framsida i vigo.no må du velje «Voksne som søker videregående opplæring eller realkompetansevurdering»
  2. Logg inn med ID-porten (MinID eller bankID)
  3. Fyll ut CV først (hugs å setje fullført på kvart punkt, også dei punkta der ein ikkje legg inn informasjon)
  4. Velg: Søke om Opplæring
  5. Legge inn 3 prioriterte sluttkompetansar. Vaksenagronom har programområdekode Landbruk (NALBR3----)

Sjølv om ikkje ønsker anna sluttkompetanse enn agronom, må du likevel fylle ut ønske nr. 2 og 3 då det er obligatoriske felt i skjemaet  

Hugs å laste opp vitnemål og dokumentasjon på tidlegare landbrukspraksis i søknadsskjemaet. Før opp gards- og bruksnummer dersom du har gard eller skal overta eit gardsbruk.

Søkjarar som får tilbod om vaksenopplæring vil få melding om dette på e-post eller SMS i juni/juli for inntak i august.

Vi bruker e-post adressa og mobilnummeret du har lagt inn på vigo.no. Det er difor viktig at du sjekkar at du har lagt inn rett e-postadresse og telefonnummer der.

Har du spørsmål om søknad og inntak, kontakt Stend vgs eller Rettleiingstenesta.

Lurer du på noko?

Ta kontakt!