Stend vidaregåande skule sel eit avgrensa tal på hallkort til ryttarar som ikkje direkte er knytt til skulen, men som ynskjer tilgang til ridehall.
Ridehallen
Ridehallen er 20mx60m og banedekket består av natursand og flis. Hallen blir stort sett harva kvar morgon i samband med undervisning, i feriar ikkje så regelmessig.
Hallen kan ikkje nyttast av eksterne før etter kl 16:00 på kvardagar og hallen er opptatt kvar onsdag i samband med organisert trening.
Sporadisk utleige ut over dette kan førekomma, men Stend vgs ynskjer at hallen i stor grad skal vere disponibel for våre elevar og eventuelt andre som kjøper seg tilgang. Skulen prøver å avgrense utleige av ridehall til maks to helger pr. månad.
Aktivitet knytt til undervisning i regi av Stend vgs kan førekomme enkelte kveldar i avgrensa periodar.
Hallkort
Hallkort kan du kjøpe med bankkort i resepsjonen til Stend vgs frå 1. september. Du vil då få eit bevis på at du har kjøpt hallkort. Hallkortet skal du ha med deg når du nyttar hallen. Kortet er personleg.
Utleige
Deler av hesteanlegget er disponibelt for utleige to helgar pr månad, sjå vedlegg. Anlegget blir kun leigd ut til hesterelaterte aktivitetar etter søknad på vedlagd skjema. Skulen opnar for søknad om leige etter at skuleårsplanen er lagd for å sikre at elevretta arrangement har prioritet. Send søknad i skjema innan 10. september 2026.
Søknad om leige av hesteanlegg ved Stend vgs.
Pris
Skuleåret 2025-26: 3000 kr (gjeld til 31.05.27)
Tilgang
Etter kl 16:00 på kvardagar, unntatt onsdag.
Helger unntatt sporadisk utleige
Kontaktperson: Robert Dalland, tilf: 957 59 753