Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til deg som elev. Du kan oppsøke tenesta når du treng det. Helsesjukepleiarane har teieplikt.

Helsesjukepleiar

På Stend VGS har vi helsesjukepleiar. Du kan kontakte ho på telefon om du vil bestille time. Du kan også berre komme innom og sjå om ho er ledig. Kontoret til helsesjukepleiar ligg i 2. etasje, forbi biblioteket, og inn til høgre. 

Kontaktinformasjon

 

Bendicte Remme er til stades måndag-onsdag og fredag,

tel 945 01 011

E-post til Benedicte

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • hjelp til å byrje å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
  • testing for seksuelt overførbare infeksjoner
  • sorg og kriser
  • rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • vald eller overgrep
  • bruk av anabole steroider

 

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar har moglegheit til å tilvise til lege og psykolog.

Helsesjukepleiar og skulepsykolog har teieplikt og må difor ha samtykke frå deg som elev dersom det er nødvendig å drøfte situasjonen din med andre samarbeidspartnarar. Me samarbeider med heim, skule og øvrig hjelpeapparat der dette er naudsynt eller ønskeleg.

Helsestasjon for ungdom i Bergen Kommune har også eit tilbod om helsetenester retta mot ungdom.