På Vg2 friluftsliv får du vidareutvikle ein del av dei ferdigheitene du tileigna deg på VG1. Du får mellom anna bruke meir tid på klatring, kajakk og coasteering der du får mulighet til å utdanne deg til instruktør.
I løpet av året har vi ca. 10 overnattingsturar, med varigheit på 2-8 dager. Ca. 30 døgn på tur, i tillegg til dagsturer og dagsaktivitetar.
Kva lærer eg?
Dette året blir turane meir krevjande, både sommar og vinter. På Vg2 skal du lære å vere turleiar, og ha ansvar for ei gruppe på tur. Gjennom faget Ungdomsbedrift, får du lære korleis det er å starte opp og drive ei bedrift. Her vil du få innsikt i kva som skal til for å leve av friluftsliv, og overskuddet fra bedriftene brukes til ein 8-dagar tur til Wales. Vi samarbeider tett med lokale aktørar innen friluftsfaget, og du får mulighet til å knytte band og bygge ditt eige nettverk i denne næringen. Ein dag i veka er du utplassert i bedrift, noe som har gitt elevar muligheter for jobb i ettertid.