Hopp til hovedinnhold

Søknad om stallplass

Bildet viser et hestehode.

Stend vidaregåande skule har eit avgrensa tal stallboksar til utleige. Vi opplever stor interesse for stallplass ved skulen, og kan difor ikkje garantere alle plass.

Prioritering

  • Elevar som er ferdige på Vg1, har stallplass og som fortset på Vg2 hestefag
  • Elevar som har fått plass på hestefag (Vg1 og Vg2)

Det er ein stallplass pr. elev.

Prisar

Ein stallplass kostar kr. 1600,- i månaden på Stend. I tillegg kjem fôr og strø.
Forbruket blir berekna ut i frå hesten sin fôrplan som er avtalt med stallansvarlig. Fôr og strø blir fakturert slik at det dekker skulen sine kostnader, og ut i frå gjeldande pris.
Totalt vil det bety ei kostnad på kr. 2500,- til 4000,- i månaden for dei fleste.

Vilkår

Det er ein føresetnad at søkjer eig eller disponerer hesten 100%. Elevar som har hest i stallen på Stend skal sjølv sørgje for ut- og innslepp av eigen hest. Fôring av alle hestar i stallen er ein del av undervisinga i hestefaget. Elevar ved skulen bruker hesten som læremiddel, og er difor fritatt mva. Oppstalling gjeld frå skulestart til skuleslutt.

Organisering av stallarbeid

Ein av hovudintensjonane ved hestefaget er å setje elevane i stand til å delta i drifta av eit hesteanlegg. Desse kunnskapsmåla dekker vi gjennom å gi elevane ansvar for deler av stalldrifta. Elevane skal kunne ta ansvar for aktivitetar som inngår i normal stalldrift.

Faga inneheld læringsmål innan fôring og observasjon av hestane i stallen. Faga vert difor organisert slik at elevane går turnus gjennom skuleåret. Alt stallarbeid inngår slik i skulefaga, og er gjenstand for vurdering og oppfølging frå lærarane. Arbeid utover normal skuletid blir godtgjort gjennom eit lågare timetall i ordinær timeplan i desse faga.

Elevane blir delt inn i grupper som har vakt heile veker. Kvar gruppe har ca. 6 elever som har ansvar for å fordele oppgåvene og tiden mellom seg. Alle elevar på Vg1 og Vg2 hest deltar i dette arbeidet. 

For elevar som har lang reisevei, har stallvaktene eit hybelrom disponibelt på skulen.

Meir detaljert informasjon om ordninga blir gitt ved skulestart.

Sende inn søknad om stallplass.