Hopp til hovedinnhold

Dette kan du klage på

 

Du kan klage på alle standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde. Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan bli ein dårlegare karakter enn den du hadde frå før. Difor bør du tenkje deg godt om før du klagar.

Klagefristar våren 2025

 

Standpunktkarakterar

  • Programfag på VG2 Sal og reiseliv  - 13. juni
  • Programfag på VG2 Naturbruk - 15. juni
  • Alle andre standpunktkarakterar (også Orden og Adferd) - 21. juni
  • Hurtigklagefrist for VG3 studieforberedende og VG2 Yrkesfag er 13. juni kl 12.00

 

Statsforvalteren i Vestland er klageinstans.

Eksamen

Skriftleg eksamen:

-Skulen må ha fått klaga innan utgången av 27.juni.
-Hurtigklagefrist for påbygg og VG3 - skulen må ha fått klagen innan utgången av 23.juni.

Elevane klager i VIS.


Munnleg, munnleg/praktisk og praktisk eksamen:

Klagefrist 10 dagar.

Elever har rett til å klage på formelle feil som har hatt noke å seie for eksamensresultatet. Til munnleg og munnleg-praktisk eksamen er det ikkje mogeleg å klage på karakteren.


Vi tilrår at du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen ti dagar etter at du fekk grunngjevinga.

Dersom ein elev får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annulert. Eleven kan velgje om hen vil gå opp til ny munnleg eller munnleg-praktisk eksamen, med ny sensor. Hvis eksamen er eit trekkfag i vidaregående skule, skal fag trekkjast på nytt. 

 

Les meir om klagerett på vestland fylke.no