Hopp til hovedinnhold

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevaluering 2023/2024

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare, men vi oppfordrar alle elevar til å delta. Svara behandlast konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidt rapporter for grupper med 5 eller fleire svar.  

Elevane skal evaluere undervisninga til lærare. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gonger. Talet avhenger av kor mange av elevane sine undervisningsgrupper som blir valt ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon lærare. Det er skuleadministrator som har bestemt kva grupper som evaluerast. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Vestland fylkeskommune. Skjemaet innehelder spørsmål fordelt på fem hovudtema; Motivasjon og meistring, Vurdering, Læringsmiljø, og IKT i læringsarbeidet. 

Dersom dykk har spørsmål til undersøkinga, kan dykk kontakte Vestland fylkeskommune ved seniorrådgivar Stig Aasland, Stig.Arne.Vestol.Aasland@vlfk.no 

 

Med venleg helsing

Leif Sigurd Danielsen 

Rektor, Stend vidaregåande skule