Hopp til hovedinnhold

Open skule for NYE elevar før skulestart hausten 2024

Velkommen til open skule på Stend for alle nye elevar 13. og 14. august. Tilbodet er frivillig, og du må melde deg på.

Oppmøte

Ved fint ver er oppmøte begge dagane kl 10.00 ved flaggstonga. Ved dårleg ver i kantina, inngang B.

Vi avsluttar begge dagane kl 13.00. 

Tirsdag 13.august

Vi viser de rundt på skulen sitt inne- og uteområde.
De får informasjon om skulen, og svar på det de måtte lure på. 
Vi avslutter dagen med felles lunsj. Du trengjer ikkje å ta med mat. Vi handlar inn. 

Onsdag 14. august

Vi spiller kort, ulike brettspill og det blir mogelegheit for uteaktivitetar på plassen.Dei som ynskjer, kan treffe kontaktlærar for å bli litt kjend. 
Vi lagar felles lunsj.

Deltakare frå skulen

Elevetenesta - Kristine, Heidi og Tonje - vil vere til stades begge dagane.
Har du spørsmål? Ta kontakt med elevtenesta på mobil 456 18 980. Vi svarer frå 5. august.


Påmelding

Send SMS til mobil 456 18 980 seinast måndag 12. august kl 12.00.
Skriv kva dagar du kjem, og namnet ditt.