HTA og HTH er for elevar som er søkt inn til vidaregående skule med fortrinnsrett og har som mål om å gå ut i varig tilrettelagd arbeid eller på dagsenter etter endt skulegong. Denne dagen omfattar ikkje omvising i dei praktiske gruppene på dyrefag, naturbruk og sal, service og reiseliv. Det er eigne ope dagar for desse gruppene.
Program
- kl 9.00-9.45: Felles informasjon om Arbeidslivstrening og Kvardagsliv (HTA/HTH) i gymsalen
- kl 9.45-10.45: Omvising på skulen sine avdelingar –HTA/HTH. Omvisinga blir utandørs så kle deg etter været.
- kl10.45– 11.30: Vi avsluttar i gymsalen når omvisinga er ferdig.
Avdelingsleiarar, praksiskoordinator og rådgjevar er tilgjengeleg for spørsmål.
Påmelding
Send e-post til rådgjevar Karoline Henne Hille (e-post), innan 20. november.